Gå til forsiden

Femte Mosebok

32 

1 Høyr, de himlar, eg vil tala,

lat jorda høyra ordet frå min munn!

2 Lat mi lære risla som regn,

min tale drypa som dogg,

som regnskurer på grøne enger,

som regndropar over alt som gror.

3  Herrens namn vil eg forkynna,

gje vår Gud ære!


4 Berget, fullkome er hans verk,

for hans vegar er alltid dei rette.

Ein trufast Gud, utan svik,

rettferdig og rettvis er han.

5 Dei sveik han med si vonde ferd,

dei som ikkje er hans born,

ei trulaus og vrangsnudd slekt.

6 Er det slik de løner Herren,

du dumme, fåvise folk?

Er han ikkje din far og skapar?

Han forma deg og held deg oppe.

7 Kom dei eldgamle dagar i hug,

gjev akt på åra frå slekt til slekt!

Spør far din, lat han fortelja deg,

spør dei gamle, lat dei gje deg svar.


8 Då Den høgste gav folkeslaga land

og skilde menneska frå kvarandre,

sette han grenser mellom folka

etter talet på Israels søner.

9  Herrens del er hans eige folk,

Jakob er hans arvelut.

10 Herren fann han i ørkenlandet,

i den aude, hylande ørkenen.

Han verna han, tok hand om han

og vakta han som sin augnestein.

11 Lik ei ørn

som får ungane til å flyga frå reiret

og svevar over dei,

slik breidde han ut sine venger,

greip han og bar han på vengene.

12  Herren åleine leidde han,

ingen framand gud var hos han.

13 Han lét han ri fram over høgdene i landet

og lét han eta av grøda på åkeren,

suga honning frå berget

og olje frå steinharde fjellet,

14 gav han rømme frå buskapen,

mjølk frå småfe og feitt frå lam,

av Basan-vêrar og bukkar,

og nyrefeittet av kveiten.

Drueblod drakk du, skummande vin.

15 Jesjurun vart feit og spente bakut;

du vart feit, du vart tjukk og stinn.

Han vraka Gud, som hadde skapt han,

og vanvørde frelsesfjellet.

16 Dei gjorde han sjalu med framande gudar,

gjorde han rasande med det avskyelege.

17 Dei ofra til ånder som ikkje er gudar,

til guddomar dei ikkje kjende,

nye gudar som nyst var komne,

gudar fedrane dykkar ikkje visste om.

18 Berget som fødde deg, vørde du ikkje,

du gløymde Gud, som fødde deg i smerte.

19  Herren såg det, støytte han dei bort,

for sønene og døtrene hans hadde krenkt han.

20 Han sa: Eg vil løyna andletet for dei

og sjå korleis det går dei til slutt;

for dei er ei vrangsnudd slekt,

born utan truskap.

21 Dei gjorde meg sjalu med gudar som ikkje er gudar,

med avgudar gjorde dei meg rasande.

Så vil eg gjera dei sjalu med eit folk som ikkje er eit folk,

med eit uvitug folkeslag gjer eg dei rasande.

22 For i min harme har eg tent ein eld,

han brenn til djupaste dødsriket.

Han øyder jorda og grøda hennar

og set grunnvollen under fjella i brann.

23 Eg vil la ulukker hopa seg opp om dei

og bruka opp pilene mine mot dei.

24 Kraftlause blir dei av svolt,

tærest av pest og farleg sott.

Eg sender mot dei ville dyr med skarpe tenner

og giftige ormar som kryp i støvet.

25 Ute gjer sverdet barnlaus,

inne drep redsla

både ung gut og jente,

spedbarn og gråhåra mann.

26 Eg tenkte: «Eg skal knusa dei,

viska ut minnet deira blant menneske.»

27 Men eg vart redd for at fiendane skulle krenkja meg,

at motstandarane deira ville mistyda det

og seia: «Vår eiga hand er lyft,

det var ikkje Herren som gjorde alt dette.»


28 Dei er eit folk utan råd som duger,

eit folk utan innsikt.

29 Var dei vise, skjøna dei dette

og visste kvar det bar.

30 Korleis kan éin mann jaga tusen

og to slå ti tusen på flukt,

om ikkje deira fjell har selt dei

og Herren har gjeve dei opp?

31 For deira berg er ikkje som vårt,

det kan fiendane våre dømma om.

32 For vinstokken deira stammar frå Sodoma

og frå terrassane i Gomorra.

Druene deira er giftige,

drueklasane beiske.

33 Slangegift er deira vin,

eitrande gift frå ormar.

34 Men alt dette er gøymt hos meg,

forsegla i mitt forrådskammer

35 til hemnens dag då gjengjeldinga kjem,

då foten deira blir ustø.

Ja, ulukkedagen nærmar seg,

det som ventar dei, kjem snart.


36 Men Herren vil skaffa folket sitt rett

og ha medkjensle med sine tenarar,

for han ser at makta deira er borte,

det er ute med både fange og fri.

37 Så spør han: Kvar er no gudane deira,

berget der dei søkte tilflukt,

38 dei som åt feittet av slaktofferet deira

og drakk vinen frå drikkofferet?

Lat dei reisa seg og hjelpa dykk,

lat dei gje dykk ly og vern!


39 Sjå no, eg er Han!

Det finst ingen annan gud enn eg.

Eg tek liv og gjev liv,

eg sårar og eg lækjer,

og ingen kan berga noko ut av mi hand.

40 Eg lyfter handa mot himmelen

og seier: Så sant eg lever til evig tid,

41 når eg kvesser mitt lynande sverd

og rekkjer handa ut til doms,

skal eg ta hemn over motstandarane mine

og straffa dei som hatar meg.

42 Eg gjer mine piler drukne av blod,

blodet av falne og fangar,

sverdet mitt skal eta kjøt,

hovud av fiendens hovdingar.

43 Pris hans folk, de folkeslag,

for han hemnar blodet til sine tenarar.

Han tek hemn over fiendane

og gjer soning for sitt land og folk.


44 Moses kom og sa fram heile denne songen, han og Josva, son til Nun, medan folket høyrde på. 45 Då Moses var ferdig med å seia fram alle desse orda for heile Israel, 46 sa han: «Legg dykk no på hjartet alle dei orda som eg i dag har tala til åtvaring for dykk. Og byd borna dykkar at dei skal halda kvart ord i denne lova og leva etter dei. 47 For dette er ikkje tomme ord for dykk, men sjølve livet. Ved desse orda skal de leva lenge i det landet de no skal ta når de går over Jordan.»

Moses skal døy på Nebo-fjellet

48 Same dagen sa Herren til Moses: 49 «Stig opp på Abarim-fjellet, på fjellet Nebo som ligg i Moab, midt imot Jeriko, og sjå ut over Kanaan, det landet eg vil gje israelittane til eige. 50 Og du skal døy på det fjellet som du går opp på, og sameinast med folket ditt, liksom bror din, Aron, døydde på fjellet Hor og vart sameina med folket sitt. 51 Dette skjer fordi de var trulause mot meg blant israelittane ved Meriba-kjelda i Kadesj i Sin-ørkenen og ikkje helga meg blant dei. 52 Du skal få sjå landet framfor deg, men du skal ikkje koma inn i det, inn i landet eg vil gje israelittane.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.