Gå til forsiden

Esekiel

32

Likklage over farao

1 Det var i det tolvte året, på den første dagen i den tolvte månaden. Herrens ord kom til meg: 2 Menneske, stem i ei likklage over farao, kongen i Egypt, og sei til han:


Du løve mellom folkeslaga, taus har du vorte.

Du var som uhyret i sjøen,

frøsande fór du i elvane dine.

Du grumsa til vatnet med føtene

og rota opp mudder i elvane.


3 Så seier Herren Gud:

Eg kastar garnet mitt over deg

medan mange folk er samla,

dei skal dra deg opp med nota.

4 Eg slengjer deg opp på land

og kastar deg på marka.

Eg lèt alle fuglar under himmelen

slå seg ned på deg

og lèt alle dyr på jorda

metta seg på deg.

5 Eg legg kjøtet ditt på fjella

og fyller dalane med blodet ditt.

6 Eg vatnar jorda med blodet ditt

som renn på fjella,

og fyller bekkefara.

7 Eg dekkjer himmelen til når eg sløkkjer deg,

stjernene kler eg i svart.

Sola dekkjer eg bak skyer,

månen kastar ikkje lenger lys.

8 Kvart skinande lys på himmelen

lèt eg svartna for di skuld,

eg sender mørker over landet ditt,

seier Herren Gud.


9 Eg skakar opp hjartet hos mange folkeslag

når eg fører deg øydelagd

ut mellom folka,

til land du ikkje kjenner.

10 Eg skremmer mange folk med deg,

kongane deira gyser

når eg svingar sverdet framfor dei.

Kvar augneblink skjelv dei for livet sitt

den dagen du fell.


11 For så seier Herren Gud:

Sverdet til kongen av Babel skal koma over deg.

12 For sverdet til kjemper

lèt eg flokken din falla,

alle er brutale folkeslag.

Dei smadrar det egyptarane er stolte av,

heile den støyande flokken blir utrydda.

13 Eg gjer ende på alt feet

ved dei store vatna.

Dei skal ikkje lenger grumsast til

av menneskefot eller dyreklauver.

14 Så gjer eg vatnet klårt og reint,

elvane lèt eg renna som olje,

seier Herren Gud.

15 Når eg gjer Egypt til ei øydemark,

når landet ligg audt og forlate,

når eg slår ned alle som bur der,

då skal dei kjenna at eg er Herren.


16 Dette er ei likklage,

og klagast skal det.

Døtrer av folkeslag skal klaga.

Over Egypt og heile flokken der skal dei klaga,

seier Herren Gud.

Farao og flokken hans i dødsriket

17 Det var i det tolvte året, på den femtande dagen i månaden. Herrens ord kom til meg:


18 Menneske, klag over flokken i Egypt,

du og døtrene av folkeslaga,

og før ned dei mektige

til landet der nede,

til dei som har gått i grav!


19 Er du finare enn andre?

Stig ned og legg deg hos uomskorne!


20 Dei skal falla mellom menn

som blir drepne med sverd.

Sverdet vart gjeve,

dei drog det mot landet

og heile flokken der.

21 Nede frå dødsriket skal sterke kjemper

seia om farao og hjelparane hans:

«No har dei fare ned og lagt seg

hos uomskorne, drepne med sverd.»


22 Der ligg Assur

med heile hæren rundt si grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd.

23 Dei fekk gravene sine inst i hòla.

Hæren ligg der rundt hans grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd,

dei som spreidde redsle i landet til dei levande.


24 Der ligg Elam

med heile flokken rundt si grav.

Alle vart drepne, dei fall for sverd.

Uomskorne fór dei

til landet der nede.

Dei spreidde redsle i landet til dei levande,

no må dei bera si vanære

hos dei som gjekk i grav.

25 Mellom drepne fekk han sitt leie

med heile flokken rundt si grav.

Alle er uomskorne,

drepne med sverd.

For dei spreidde redsle i landet til dei levande,

no må dei bera si vanære

hos dei som gjekk i grav,

mellom drepne vart dei lagde.


26 Der er Mesjek og Tubal

med heile flokken rundt si grav.

Alle er uomskorne,

drepne med sverd.

Dei spreidde redsle i landet til dei levande.

27 Dei ligg ikkje hos kjempene

som fall uomskorne

og fór ned til dødsriket med sine våpen,

dei som fekk sverda lagde under hovudet,

men skulda låg tungt over knoklane.

For det stod redsle av kjempene

i landet til dei levande.


28 Du skal òg bli knust mellom uomskorne

og liggja hos dei som er drepne med sverd.


29 Der er Edom

med sine kongar og alle sine hovdingar.

Trass i all si kraft vart dei lagde

hos dei som vart drepne med sverd,

dei ligg hos uomskorne,

hos dei som gjekk i grav.

30 Der er alle fyrstane frå nord

og alle dei frå Sidon.

Det stod redsle av dei,

men dei måtte fara ned til dei drepne.

Med all si kraft vart dei til skamme.

Uomskorne ligg dei

hos dei som vart drepne med sverd.

Dei må bera si vanære

hos dei som gjekk i grav.


31 Farao skal sjå dei

og søkja trøyst for heile flokken sin.

Farao og heile hæren er drepne med sverd,

seier Herren Gud.

32 Eg lét han spreia redsle i landet til dei levande,

men han skal leggjast til kvile mellom uomskorne,

hos dei som er drepne med sverd,

både farao og heile den ståkande flokken hans,

seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.