Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
2Så var himmelen og jorda fullførte, med heile sin hær.
2 Den sjuande dagen fullførte Gud det arbeidet han hadde gjort, og den sjuande dagen kvilte han frå heile det arbeidet han hadde gjort.
3 Gud velsigna den sjuande dagen og helga han. For den dagen kvilte han frå heile sitt arbeid, det som Gud hadde gjort då han skapte.
Mennesket i Edens hage 4 Dette er forteljinga om himmelen og jorda då dei var skapte, på den tid Herren Gud hadde laga jorda og himmelen. 5 Det fanst ikkje ein busk på jorda, og endå hadde inga plante spirt fram på marka. For Herren Gud hadde ikkje late det regna på jorda, og det fanst ingen menneske til å dyrka henne. 6 Men ei kjelde kom opp av jorda og vatna heile jordoverflata. 7 Då forma Herren Gud mennesket av støv frå jorda og bles livspust i nasen på det, og mennesket vart ein levande skapning. 8 Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma. 9 Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt. 10 Ei elv går ut frå Eden og vatnar hagen. Derifrå deler ho seg i fire greiner. 11 Den første heiter Pisjon. Det er den som går rundt heile landet Havila, der det finst gull. 12 Gullet i det landet er godt. Det finst bedolah-kvae og onyks-stein der. 13 Den andre elva heiter Gihon. Det er den som går rundt heile landet Kusj. 14 Den tredje elva heiter Hiddekel. Det er den som går austafor Assur. Og den fjerde elva er Eufrat. 15 Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han. 16 Og Herren Gud gav mennesket dette bodet: «Du må gjerne eta av alle trea i hagen. 17 Men av treet til kunnskap om godt og vondt må du ikkje eta. For den dagen du et av det, skal du døy.» 18 Då sa Herren Gud: «Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine. Eg vil laga ein hjelpar av same slag.» 19 Og Herren Gud forma alle dyra på marka og alle fuglane under himmelen av jord, og han førte dei til mennesket for å sjå kva det ville kalla dei. Det som mennesket kalla kvar levande skapning, det fekk han til namn. 20 Mennesket gav namn til alt feet, til fuglane under himmelen og alle villdyra på marka. Men til seg sjølv fann mennesket ingen hjelpar av same slag. 21 Då lét Herren Gud ein djup søvn koma over mannen. Medan han sov, tok han eit sidebein og fylte att med kjøt. 22 Av sidebeinet Herren Gud hadde teke frå mannen, bygde han ei kvinne, og han førte henne til mannen. 23 Då sa mannen: «No er det bein av mine bein og kjøt av mitt kjøt. Ho skal kallast kvinne, for av mannen er ho teken.» 24 Difor skal mannen skiljast frå far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. 25 Begge var nakne, både mannen og kvinna, og dei skamma seg ikkje for kvarandre. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
28. mars 2023
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. 10Jeg skal gjøre ende på vognene i Efraim og hestene i Jerusalem, krigsbuen skal brytes i stykker. Han skal forkynne fred for folkeslagene, hans velde skal nå fra hav til hav, fra Storelven til jordens ender.
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. 10Eg vil rydda ut vognene i Efraim og hestane i Jerusalem, stridsbogen skal brytast sund. Han skal tala fred for folkeslaga, hans velde skal nå frå hav til hav, frå Storelva til endane av jorda.
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. ... Vis hele teksten
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. 10Son duššada soahtevovnnaid Efraimis ja heasttaid Jerusalemis, son doadjá soahtedávggiid. Son gulaha álbmogiidda ráfi, su váldi ollá mearas merrii, Eufrata rájes gitta máilmmi ravddaid rádjái.