Gå til forsiden

Fyrste Mosebok

38

Juda og Tamar

1 På den tid drog Juda bort frå brørne sine og slo seg ned hjå ein mann i Adullam som heitte Hira. 2 Der fekk Juda sjå dotter til ein kanaanear som heitte Sjua. Han tok henne til kone og levde saman med henne. 3 Ho vart med barn og fekk ein son, som ho kalla Er. 4 Så vart ho med barn att og fekk ein son; han kalla ho Onan. 5 Sidan fekk ho endå ein son og kalla han Sjela. Då han vart fødd, var Juda i Kesib.

6 Juda tok ei kone til Er, eldste son sin. Ho heitte Tamar. 7 Men Herren tykte ille om Er, eldste son til Juda, og laga det så at han døydde. 8 Då sa Juda til Onan: «Ta enkja etter bror din heim til deg og gift deg med henne, så du held oppe ætta åt bror din!» 9 Men Onan visste at borna ikkje skulle vera hans. Når han låg med kona til bror sin, lét han sæden spillast på jorda, så broren ikkje skulle få etterkomarar. 10 Men det Onan gjorde, var vondt i Herrens augo, og han laga det så at han òg døydde. 11 Då sa Juda til Tamar, sonekona si: «No må du sitja enkje i huset åt far din til Sjela, son min, er vaksen.» For han tenkte: «Kanskje han òg kjem til å døy liksom brørne hans.» Så fór Tamar heim att og budde hjå far sin.

12 Lang tid etter døydde dotter til Sjua, kona hans Juda. Og då syrgjetida var ute, gjekk Juda opp til Timna, til dei som klypte sauene hans, og venen hans, Hira frå Adullam, var med han. 13 Tamar fekk vita at verfar hennar var på veg opp til Timna og skulle klyppa sauene sine. 14 Då la ho av seg enkjebunaden og tok på seg eit slør, som ho sveipte vel om seg. Så sette ho seg attmed inngangen til Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sjela var vaksen no, men likevel hadde ho ikkje vorte kona hans.

15 Då Juda fekk auga på henne, tenkte han det var ei skjøkje; for ho hadde sveipt til andletet. 16 Så tok han av frå vegen, gjekk bort til henne og sa: «Kom, lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Ho sa: «Kva gjev du meg dersom du får liggja med meg?» 17 Han svara: «Eg skal senda deg eit kje av buskapen min.» Då sa ho: «Så gjev meg eit pant til du får sendt det!» 18 «Kva skal eg gje deg i pant?» spurde han. Ho svara: «Seglringen og snora, og staven som du har i handa.» Det gav han henne. Så fekk han liggja med henne, og ho vart med barn. 19 Ho stod opp og gjekk sin veg. Så la ho av seg sløret og tok på seg enkjebunaden.

20 Juda sende kjeet med venen sin frå Adullam og bad han få att pantet av kvinna. Men han fann henne ikkje. 21 Då spurde han folket der på staden: «Kvar er tempelskjøkja i Enajim, ho som sat attmed vegen?» Dei svara: «Det har ikkje vore noka skjøkje her.» 22 Så gjekk han attende til Juda og sa: «Eg fann henne ikkje, og folket på staden sa til og med at det ikkje hadde vore noka skjøkje der.» 23 Då sa Juda: «Lat henne berre ha pantet, så vi ikkje får skam av dette! Eg har då sendt kjeet, men du fann henne ikkje.»

24 Om lag tre månader etter kom dei og sa til Juda: «Tamar, sonekona di, har drive hor og er med barn.» Då sa Juda: «Før henne ut, ho skal brennast!» 25 Men då dei førte henne ut, sende ho bod til verfar sin: «Den mannen som eig desse tinga, han er far til barnet mitt. Sjå etter kven det er som eig denne seglringen og snora og staven!» sa ho. 26 Då Juda hadde sett på det, sa han: «Ho er i sin gode rett mot meg, for eg har ikkje late henne få Sjela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.

27 Då det så leid til at ho skulle føda, synte det seg at det var tvillingar i livet hennar. 28 Og med det same ho fødde, stakk den eine fram ei hand. Jordmora tok ein raud tråd og batt kring handa hans og sa: «Denne kom fyrst.» 29 Men så drog han handa attende, og bror hans kom fram. Då sa ho: «Korleis er det du bryt deg fram?» Difor kalla dei han Peres. 30 Så kom broren, han som hadde den raude tråden kring handa. Han kalla dei Serah.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.