Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Første Mosebok

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Brørne kjem til Egypt
42Då Jakob fekk vita at det var korn i Egypt, sa han til sønene sine: «Kvifor sit de og ser på kvarandre?  2 Eg høyrer», sa han, «at det er korn i Egypt. Dra dit ned og kjøp korn til oss, så vi kan leva og ikkje døy!»  3 Ti av brørne til Josef drog då for å kjøpa korn i Egypt.  4 Men Jakob sende ikkje Benjamin, bror til Josef, av stad med brørne, for han sa: «Han kunne bli ramma av ei ulukke.»  5 Såleis var Israels søner blant dei som kom for å kjøpa korn, for det var hungersnaud i Kanaan.
   
 6 No var det Josef som styrte landet, og det var han som selde korn til folket der. Brørne til Josef kom og kasta seg ned for han med andletet mot jorda.  7 Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men han lét som om han ikkje kjende dei. Han tala strengt til dei: «Kvar kjem de frå?» Dei svara: «Vi kjem frå landet Kanaan for å kjøpa mat.»
   
 8 Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han.  9 Han kom i hug draumane han hadde hatt om dei, og sa: «De er spionar! De er komne for å sjå kvar landet ligg ope.» 10 «Nei, herre», svara dei, «tenarane dine er komne for å kjøpa mat. 11 Vi er alle sønene til ein og same mannen. Vi er ærlege folk! Tenarane dine er ikkje spionar.» 12 Men han svara dei: «Jau, de er komne for å sjå kvar landet ligg ope.» 13 Då sa dei: «Tenarane dine var tolv brør, sønene til ein og same mannen i Kanaan. Den yngste er hos far vår i dag, og ein er ikkje meir.» 14 Men Josef sa til dei: «Det er som eg har sagt: De er spionar! 15 Slik skal de bli sette på prøve: Så sant farao lever, de slepp ikkje herifrå utan at yngste bror dykkar kjem hit! 16 Lat ein av dykk reisa og henta bror dykkar, medan de andre blir verande her som fangar. Slik skal det prøvast om de talar sant. Gjer de ikkje det, er de spionar, så sant som farao lever.» 17 Så heldt han dei i forvaring i tre dagar.
   
18 Tredje dagen sa Josef til dei: «Gjer de som eg seier, skal de få leva, for eg fryktar Gud. 19 No får vi sjå om de er ærlege. Ein av brørne dykkar skal vera att i forvaring medan de andre skal dra i veg med korn til dei som svelt heime hos dykk. 20 Kom så hit til meg med yngste bror dykkar. Då er ordet dykkar til å lita på, og de skal sleppa å døy.» Og såleis gjorde dei.
   
21 Dei sa til kvarandre: «Sanneleg, vi er skuldige! Vi såg at bror vår var i stor naud då han bad oss om nåde, men vi høyrde ikkje på han. Difor er vi òg no komne i naud.» 22 Ruben svara dei: «Sa eg ikkje at de ikkje måtte gjera guten noko vondt? Men de ville ikkje høyra, så no blir det kravd hemn for blodet hans.» 23 Dei visste ikkje at Josef skjøna dette, for han brukte tolk. 24 Og han snudde seg frå dei og gret. Så kom han att og tala med dei. Og han tok Simon og batt han framfor auga deira.
   
25 Josef baud at sekkene deira skulle fyllast med korn. Pengane skulle leggjast tilbake i sekkene, og dei skulle få mat med på vegen. Og slik vart det gjort. 26 Så leste dei kornet på esla og drog derifrå. 27 Men ein av dei opna sekken sin og ville gje eselet fôr der dei overnatta. Då fekk han auge på pengane, for dei låg øvst i sekken. 28 Han sa til brørne: «Pengane mine er lagde tilbake! Sjå, dei ligg i sekken min!» Med hjartet i halsen sa dei skjelvande til kvarandre: «Kva er det Gud har gjort mot oss?»
   
29 Så kom dei heim til far sin Jakob i Kanaan. Dei fortalde han alt det som hadde hendt dei: 30 «Mannen som er herre i landet, tala strengt til oss og tok oss for å vera slike som ville spionera der i landet. 31 Då sa vi til han: Vi er ærlege folk og ikkje spionar. 32 Vi var tolv brør, søner av same far. Ein av oss er ikkje meir, og den yngste er i dag heime hos far vår i Kanaan. 33 Mannen som er herre i landet, sa då til oss: Slik skal eg vita om de er ærlege: Lat ein av brørne bli att hos meg, ta så med dykk det de treng til dei som svelt heime hos dykk, og dra i veg. 34 Kom så til meg med den yngste bror dykkar. Då kan eg vita at de ikkje er spionar, men ærlege folk. Så skal de få att bror dykkar, og de kan handla fritt i landet.»
   
35 Då dei tømde sekkene, fann kvar av dei pengepungen sin der. Både dei og far deira vart redde då dei fekk auge på pengepungane. 36 Jakob, far deira, sa til dei: «De gjer meg barnlaus! Josef er ikkje meir, Simon er ikkje meir, og no vil de ta Benjamin. Alt går meg imot.»
   
37 Då sa Ruben til far sin: «Du kan ta livet av begge sønene mine dersom eg ikkje kjem att til deg med Benjamin. Gjev han over i mi hand, og eg skal føra han tilbake!» 38 Men han svara: «Son min skal ikkje dra ned saman med dykk. Bror hans er død, og han er åleine att. Blir han ramma av ei ulukke på reisa de no legg ut på, då sender de meg gråhåra og sorgtung ned i dødsriket.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

02. desember 2022

Dagens bibelord

Salmene 23,1–6

Les i nettbibelen

1En salme av David. Herren er min hyrde, jeg mangler ikke noe. 2Han lar meg ligge i grønne enger, han leder meg til vann der jeg finner hvile. 3Han gir meg nytt liv. Han fører meg på rettferdighets stier for sitt navns skyld. ... Vis hele teksten

1En salme av David. Herren er min hyrde, jeg mangler ikke noe. 2Han lar meg ligge i grønne enger, han leder meg til vann der jeg finner hvile. 3Han gir meg nytt liv. Han fører meg på rettferdighets stier for sitt navns skyld. 4Om jeg enn skulle vandre i dødsskyggens dal, frykter jeg ikke noe ondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, de trøster meg. 5Du dekker bord for meg like foran mine fiender. Du salver mitt hode med olje. Mitt beger renner over. 6Bare godhet og miskunn skal følge meg alle mine dager, og jeg skal bo i Herrens hus gjennom alle tider.

Dagens bibelord

Salmane 23,1–6

Les i nettbibelen

1Ein salme av David. Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. 3Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. ... Vis hele teksten

1Ein salme av David. Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko. 2Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile. 3Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld. 4Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. 5Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over. 6Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.

Dagens bibelord

Salmane 23,1–6

Les i nettbibelen

1Davida sálbma. Hearrá lea mu báimman, ii mus váillo mihkkege. 2Son livvuda mu ruonas gittiide, son láide mu vuoiŋŋadusa čáziid lusa. 3Son áhpásmahttá mu sielu, son láide mu vanhurskkisvuođa bálgáid mielde namas dihte. ... Vis hele teksten

1Davida sálbma. Hearrá lea mu báimman, ii mus váillo mihkkege. 2Son livvuda mu ruonas gittiide, son láide mu vuoiŋŋadusa čáziid lusa. 3Son áhpásmahttá mu sielu, son láide mu vanhurskkisvuođa bálgáid mielde namas dihte. 4Jos mun velá vádjolivččen jápminsuoivana leagis, de in mun bala mange bahás, dasgo don leat mu mielde. Du soabbi, du báimmansoabbi jeđđe mu. 5Don ráhkadat munnje beavddi mu vašálaččaid čalmmiid ovdii. Don vuoiddat mu oaivvi oljjuin, ja mu juhkanlihtti golgá badjel. 6Aivvefal buorrevuohta ja árbmugasvuohta čuovvu mu buot mu eallinbeivviid, ja mun beasan ássat Hearrá viesus nu guhká go ealán.