Gå til forsiden

Jesaja

17

Damaskus og Efraim

1 Bodskap om Damaskus.


Sjå, Damaskus skal ikkje lenger vera ein by,

men bli til ein ruinhaug.

2 Aroers byar blir forlatne,

der skal buskap kvila,

og ingen skal skremma dei.

3 Efraim skal mista si borg

og Damaskus sitt kongedøme.

Med resten av Aram skal det gå

som med herlegdomen til israelittane,

seier Herren over hærskarane.


4 Og den dagen

skal Jakobs herlegdom bli mindre

og den feite kroppen hans bli mager.

5 Det blir som når ein haustar korn

og handa samlar kornet

og skjer av aksa.

Det blir som når ein sankar aks

i Refa'im-dalen,

6 som når ein slår ned oliven

og berre ein etterhaust blir att,

to–tre oliven øvst i treet

og fire–fem på greinene,

seier Herren, Israels Gud.


7 Den dagen

vender mennesket blikket mot sin skapar,

auga ser mot Israels Heilage.

8 Dei skal ikkje venda blikket mot altara

som hendene deira har laga,

og ikkje sjå på det fingrane deira har skapt,

Asjera-pålane og røykjelsesaltara.


9 Den dagen

skal dei trygge byane deira

bli så aude som dei stadene

hevittane og amorittane forlét

då israelittane kom.

Alt skal bli til øydemark.

10 For du har gløymt Gud, din frelsar,

og ikkje hugsa det trygge berget ditt.

Difor kan du planta dei finaste hagar

og setja framande vinranker der,

11 du kan få dei til å veksa den dagen du plantar,

til å spira den morgonen du sår,

men hausten sviktar den dagen sjukdom

og ulækjande skade kjem.


12 Ve! Eit drønn av mange folk,

eit drønn som når havet drønnar.

Ein larm frå folkeslag,

som larmen frå veldige vatn larmar dei,

13 folkeslaga larmar som veldige vatn.

Men når han trugar dei,

flyktar dei langt bort.

Dei blir jaga som agner for vinden på haugane,

som tistlar for stormen.

14 Om kvelden er det redsle,

men før morgonen gryr, er dei borte.

Slik går det dei som plyndrar oss,

slikt utbytte får dei som ranar oss.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.