Gå til forsiden

Jesaja

49

Herrens tenar vitnar om kallet sitt

1 Høyr på meg, de kystar,

lytt, de folk frå det fjerne!

Herren kalla meg før eg vart fødd,

frå eg var i mors liv, har han hugsa namnet mitt.

2 Han gjorde munnen min til eit kvast sverd,

i skuggen av si hand løynde han meg.

Han gjorde meg til ei spiss pil,

i koggeret sitt gøymde han meg.

3 Han sa til meg:

«Du er min tenar, Israel,

på deg vil eg syna min herlegdom.»

4 Men eg sa:

«Fåfengt har eg streva,

på vind og ingenting

har eg brukt all mi kraft.

Min rett er likevel hos Herren,

mi løn er hos min Gud.»

5 «Og no», seier Herren,

som frå eg var i mors liv

har forma meg til sin tenar

for å føra Jakob tilbake til han

så Israel kan samlast hos han

– eg er æra i Herrens auge,

min Gud er min styrke –

6 han seier:

«Det er for lite at du er min tenar

som skal reisa opp att Jakobs stammar

og føra tilbake dei som er att av Israel.

Eg gjer deg til lys for folkeslag

så mi frelse kan nå til enden av jorda.»

Heim frå fangenskapet

7 Så seier Herren, Den heilage,

som løyser Israel ut,

til han som er forakta, forkasta av folkeslag,

slave under herskarar:

Kongar skal sjå og reisa seg,

fyrstar skal sjå og kasta seg ned,

for Herren er trufast, Israels Heilage.

Han har valt deg ut.


8 Så seier Herren:

I nådens tid svarar eg deg,

på dagen for frelsa hjelper eg deg.

Eg har forma deg

og gjort deg til ei pakt for folket

for å reisa landet opp att

og skifta ut eigedomar som ligg aude,

9 for å seia til fangar: «Gå ut!»

og til dei som er i mørkret: «Kom fram!»

Dei skal beita langs vegane

og finna beite på alle snaue høgder.

10 Dei skal ikkje svelta og ikkje tørsta,

hete og sol skal ikkje råka dei.

For han som viser miskunn, skal føra dei

og leia dei til kjelder med vatn.

11 Eg gjer alle fjella mine til veg,

vegane mine skal byggjast høgare.

12 Sjå, frå det fjerne kjem dei,

somme frå nord og frå vest

og somme frå Sinim-landet.


13 Jubla, du himmel, og gled deg, du jord,

bryt ut i jubel, de fjell!

For Herren trøystar sitt folk

og viser miskunn mot sine hjelpelause.

Herren gløymer ikkje Sion

14 Sion seier: « Herren har forlate meg,

Herren har gløymt meg.»

15 Kan ei kvinne gløyma sitt diande barn,

ei omsorgsfull mor det barnet ho bar?

Sjølv om dei skulle gløyma,

skal ikkje eg gløyma deg.

16 Sjå, eg har teikna deg i hendene mine,

murane dine er alltid framfor meg.

17 Dei som skal byggja deg, kjem springande,

dei som la deg i ruinar og grus, dreg bort frå deg.


18 Lyft auga og sjå deg ikring!

Alle samlar seg og kjem til deg.

Så sant eg lever,

seier Herren:

Du skal ta dei alle på deg som eit smykke,

som ei brur skal du binda dei om deg.

19 Ja, dine ruinar og aude stader

og landet som ligg i grus,

no blir det for trongt for dei som bur der.

Langt borte er dei som vil sluka deg.

20 Endå ein gong skal øyret ditt høyra

at borna du fekk i di barnløyse, seier:

«Denne staden er trong for meg.

Gjev plass, så eg kan bu her!»

21 Då skal du seia i hjartet ditt:

«Kven har fødd meg desse?

Eg var barnlaus og ikkje fruktbar,

landlyst og fordriven.

Kven har fostra desse?

Sjå, eg var forlaten og åleine.

Kvar kjem desse frå?»


22 Så seier Herren Gud:

Sjå, eg lyfter handa for folkeslag

og reiser mitt banner for folka.

Dei kjem med sønene dine på armen,

og døtrene dine ber dei på skuldrene.

23 Kongar skal vera fosterfedrar for deg

og dronningar ammene dine.

Dei skal kasta seg ned for deg

med andletet mot jorda

og slikka støvet for føtene dine.

Då skal du kjenna at eg er Herren.

Dei som set si von til meg,

skal ikkje bli til skamme.


24 Kan byttet takast frå ein krigar,

kan fangar bergast frå ein valdsmann?

25 Ja, så seier Herren:

Fangar skal takast frå krigaren,

og byttet skal bergast frå valdsmannen.

Eg vil strida mot dei som strider mot deg,

og borna dine vil eg frelsa.

26 Dei som var harde mot deg,

lèt eg eta sitt eige kjøt

og rusa seg på sitt eige blod som på druesaft.

Og alle menneske skal kjenna

at eg er Herren, som frelser deg,

Jakobs Mektige, som løyser deg ut.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.