Gå til forsiden

Jesaja

66

Dom over falsk gudsdyrking

1 Så seier Herren:

Himmelen er mi trone,

og jorda er min fotskammel.

Kva slag hus kan de byggja for meg,

kvar er staden der eg kan kvila?

2 Mi hand har laga alt dette,

slik har alt dette vorte til, seier Herren.

Det er den hjelpelause eg ser til,

den som har ein motlaus ande

og skjelv for mitt ord.


3 Den som slaktar ein okse,

slår eit menneske i hel;

den som ofrar eit lam,

knekkjer nakken på ein hund;

den som ber fram grødeoffer,

ofrar svineblod;

den som brenner røykjelse,

velsignar det vonde.

Dei som gjer dette,

har valt sine eigne vegar,

dei har si glede i det som er motbydeleg.

4 Så vel òg eg

å plaga dei,

eg fører over dei

det dei er redde for.

For eg ropa, men ingen svara,

eg tala, men ingen høyrde.

Dei gjorde det som vondt var i mine auge,

og valde det eg ikkje ville.

Frelse og dom

5 Høyr Herrens ord,

de som skjelv for hans ord!

Brørne dykkar som hatar dykk

og støyter dykk bort for mitt namn skuld,

dei seier: «Lat Herren visa sin herlegdom,

så vi kan sjå gleda dykkar!»

Men dei skal bli til skamme.


6 Høyr larmen frå byen,

røysta frå tempelet,

Herrens røyst!

Han gjengjelder fiendane sine

for det dei har gjort.

7 Før ho får rier, har ho fødd,

før smertene kjem, har ho fått ein gut.

8 Kven har høyrt noko som dette?

Kven har sett nokon som desse?

Kan eit land bli fødd på éin dag,

kan eit folkeslag koma til verda på ein augneblink?

Men Sion fødde sine born

med det same ho fekk rier.

9 Skulle eg opna morslivet

utan å setja fødselen i gang? seier Herren.

Eller setja fødselen i gang

og så stansa han? seier din Gud.


10 Gled dykk over Jerusalem,

og fryd dykk over henne,

alle de som elskar henne!

Ta del i hennar glede,

alle de som sørgjer over henne!

11 Så skal de suga og bli mette

ved hennar trøystande bryst,

de skal drikka og nyta

hennar herlege brystvorter.


12 For så seier Herren:

Sjå, no leier eg fred til henne som ei elv,

folkeslags rikdom som ein fløymande bekk.

De skal suga,

berast på armen

og voggast på fanget.

13 Som ei mor trøystar barnet sitt,

slik vil eg trøysta dykk.

I Jerusalem skal de få trøyst.

14 De skal sjå det,

og hjartet skal gleda seg,

kroppen skal gro som gras.

Herrens tenarar skal kjenna hans hand,

men fiendane får kjenna hans vreide.


15 For sjå, Herren kjem i ein eld,

hans vogner som ein kvervelvind.

Han slepper sin vreide laus som ein brann

og sine trugsmål som logande eld.

16 For Herren skal halda dom med eld

og med sverd mot alle menneske;

mange er dei som blir drepne av Herren.

17 Dei som gjer seg heilage og reine

for å gå til hagane etter ein som er der inne,

dei som et svinekjøt, motbydelege ting og mus,

dei skal gå til grunne, alle saman,

seier Herren.

Frelse og straff blir fullenda

18 Eg veit kva dei gjer og kva dei tenkjer, eg kjem for å samla alle folkeslag og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom. 19 Eg set eit teikn mellom dei og sender nokre av dei som er berga, ut til folkeslaga i Tarsis, Put, Lud, Mesjek med bogen, Tubal og Javan, til dei fjerne kystane som ikkje har høyrt rykte om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal fortelja om min herlegdom mellom folkeslaga. 20 Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag som ei offergåve til Herren, til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar, til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, slik israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus. 21 Og av dei tek eg nokre til prestar og levittar, seier Herren.


22 For slik den nye himmel

og den nye jord som eg skaper,

alltid skal stå for mitt andlet, seier Herren,

slik skal dykkar ætt og namnet dykkar stå seg.

23 Og det skal skje:

frå nymånedag til nymånedag,

frå sabbat til sabbat,

skal alle menneske koma

og tilbe for mitt andlet,

seier Herren.

24 Dei skal gå ut og sjå

lika av dei menneska

som gjorde opprør mot meg.

For dei skal makken ikkje døy

og elden ikkje slokna.

Dei skal vera ei gru for alle menneske.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.