Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Domarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Heilagdomen til Mika
17I Efraim-fjella budde det ein mann som heitte Mika.  2 Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sjekel sølv som vart tekne frå deg – eg høyrde sjølv at du uttala forbanninga – dei pengane er hos meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: « Herren velsigne deg, son min!»  3 Då han gav dei elleve hundre sjekel sølv tilbake til mor si, sa ho: «Eg helgar desse pengane til Herren og gjev dei til son min for å få laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No gjev eg dei tilbake til deg.»  4 Han gav pengane til mora, som tok to hundre sjekel og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.
   
 5 Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre terafar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg.  6 I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.
   
 7 Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda, frå Juda-slekta. Han var ein levitt som hadde slege seg ned der.  8 Mannen drog frå den byen, frå Betlehem i Juda, for å finna ein plass der han kunne slå seg ned. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraim-fjella.  9 Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna ein plass der eg kan slå meg ned.» 10 Då sa Mika til han: «Ver her hos meg og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sjekel sølv i året og halda deg med mat og klede.» Levitten kom, 11 og han gjekk med på å vera hos mannen og vart som ein av sønene hans. 12 Mika sette den unge levitten til prest hos seg, og han vart verande i huset til Mika. 13 Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.