Gå til forsiden

Jeremia

49

Ammonittane

1 Om ammonittane.


Så seier Herren:

Har ikkje Israel born,

har han ingen arving?

Kvifor har då Milkom teke over Gad

og folket hans slege seg ned i byane der?

2 Difor, sjå, dagar skal koma,

seier Herren,

då eg lèt krigsrop lyda

for ammonittane i Rabba.

Byen skal bli til ein aud ruinhaug,

dotterbyane skal brennast opp.

Israel skal driva bort

dei som hadde drive han bort, seier Herren.

3 Klag, Hesjbon,

for Ai er øydelagd.

Skrik, de Rabbas døtrer,

kled dykk i sekkestrie, set i med klage

og spring att og fram mellom kveene.

For Milkom må gå i eksil

og prestane og stormennene med han.


4 Kvifor skryter du av dalane,

av grøderikdomen i dalen din,

du bortkomne dotter

som set di lit til skattane dine:

«Kven kan vel nå meg?»

5 Sjå, eg sender redsle over deg,

seier Herren, allhærs Gud,

frå alle kantar.

De skal drivast bort i kvar si retning,

og ingen skal samla dei som flyktar.


6 Men sidan vender eg lagnaden for ammonittane,

seier Herren.

Edom

7 Om Edom.


Så seier Herren over hærskarane:

Finst det ikkje visdom lenger i Teman?

Har ikkje dei kloke råd å gje?

Har visdomen deira rotna?

8 Flykt, snu om! Bu i djupet,

de som bur i Dedan.

For eg lèt Esaus ulukke koma over han,

tida då eg krev han til rekneskap.

9 Om drueplukkarar kjem til deg,

lèt dei ingen etterhaust bli att.

Om tjuvar kjem om natta,

øydelegg dei kva dei vil.

10 For eg kler av Esau

og viser fram gøymestadene hans

så han ikkje kan gøyma seg.

Herja blir borna og brørne og grannane hans,

det er ute med dei.

11 Berre gå frå dine farlause born,

eg skal halda dei i live,

og enkjene dine kan lita på meg.


12 For så seier Herren:

Sjå, dei som ikkje fortener det,

må drikka av begeret.

Og så skulle du sleppa straff?

Nei, du skal ikkje sleppa,

du skal drikka!

13 For eg har svore ved meg sjølv,

seier Herren:

Bosra skal bli til øydemark og til spott,

til ruin og til forbanning.

Alle byane der

skal liggja i ruin for alltid.


14 Ein bodskap har eg høyrt frå Herren,

ein bodberar er send til folkeslaga:

«Samla dykk og gå mot byen,

reis dykk til krig!»

15 Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,

forakta mellom menneska.

16 Redsla du spreidde,

og ditt hovmodige hjarte har narra deg,

du som bur i fjellkløfter

og held til oppe på høgdene.

Men om du legg reiret ditt høgt som ørna,

skal eg støyta deg ned derifrå,

seier Herren.


17 Edom skal bli til øydemark.

Alle som går forbi,

skal bli forfærde og plystra hånleg

over såra ho har fått.

18 Det skal gå som då Sodoma og Gomorra

og grannebyane vart øydelagde, seier Herren.

Ingen skal bu der,

ikkje eit menneske slå seg ned.

19 Sjå, lik løva som kjem opp

frå den tette Jordan-skogen

til sletta som alltid er grøn,

slik skal eg på ein augneblink

driva dei bort frå landet.

Kven er den utvalde som eg skal setja over det?

For kven er som eg?

Kven kan stemna meg?

Kven er den gjetaren som kan stå for mitt andlet?


20 Difor, høyr kva avgjerd

Herren har teke om Edom,

kva plan han har lagt

mot dei som bur i Teman.

Sanneleg, dei minste av sauene skal slepast bort,

og beitemarkene deira skal bli aude.

21 Når dei fell, skjelv jorda av drønnet,

heilt til Sivsjøen høyrest skriket.

22 Sjå, han stig som ei ørn,

stuper ned og breier vengene ut

over Bosra.

Den dagen skal hjartet til Edoms krigarar

vera som hjartet til ei kvinne i barnsnaud.

Damaskus

23 Om Damaskus.


Hamat og Arpad blir til skamme,

for dei har fått høyra ein bodskap om ulukke

og skjelv som havet i uro,

aldri fell det til ro.

24 Damaskus mistar motet, snur og flyktar,

ho er gripen av trengsle

og av rier som hos ei fødande kvinne.

25 Forlaten er den namngjetne byen,

mi gledes by!

26 Dei unge mennene fell på torga,

alle krigarar blir drepne den dagen,

seier Herren over hærskarane.

27 Eg set fyr på muren kring Damaskus,

eld skal øyda Ben-Hadads borger.

Kedar og Hasor

28 Om Kedar og Hasor-rika, som kong Nebukadnesar av Babel slo.


Så seier Herren:

Opp, rykk fram mot Kedar,

øydelegg folka i aust!

29 Dei skal ta telta og småfeet frå dei,

teltdukane og alle reiskapane,

dei skal ta kamelane deira med seg

og ropa til dei:

«Redsle på alle kantar!»

30 Flykt! Skund dykk bort!

Gøym dykk djupt nede,

de som bur i Hasor, seier Herren.

For kong Nebukadnesar av Babel

har teke ei avgjerd

og lagt ein plan mot dykk.


31 Opp, rykk fram mot eit sorglaust folk,

mot dei som bur trygt, seier Herren.

Det har korkje portar eller bommar

og bur for seg sjølv.

32 Kamelane deira skal bli til rov,

den store buskapen til bytte.

Dei som har kortklipt hår ved tinningen,

skal eg spreia for alle vindar;

eg lèt ulukke koma over dei

frå alle kantar, seier Herren.

33 Hasor blir ein stad der sjakalar held til,

ein ørken for alle tider.

Ingen skal bu der,

ikkje eit menneske slå seg ned.

Elam

34  Herrens ord som kom til profeten Jeremia om Elam i byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Sidkia:


35 Så seier Herren over hærskarane:

Sjå, eg bryt sund bogen til elamittane,

det sterkaste våpenet deira.

36 Mot Elam sender eg fire vindar

frå dei fire himmelhjørna

og spreier dei for alle desse vindane.

Det skal ikkje finnast eit einaste folkeslag

der det ikkje kjem nokon

som er drivne bort frå Elam.

37 Eg slår Elam med skrekk for fienden

og for alle som står dei etter livet.

Eg lèt ulukke koma over dei,

min brennande vreide, seier Herren.

Eg sender sverdet etter dei

til eg får gjort ende på dei.

38 Så set eg mi trone i Elam

og ryddar ut kongen og stormennene der,

seier Herren.


39 Men i dagar som kjem,

vender eg lagnaden for Elam,

seier Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.