Gå til forsiden

Job

39 

1 Jagar du bytte for løvinna,

gjev du løveungane mat

2 der dei kryp ned i hòlene sine

eller ligg på lur i krattet?

3 Kven skaffar føde til ramnen

når ungane hans skrik mot Gud

og virrar rundt utan mat?

4 Veit du når fjellgeita får ungar?

Går du vakt når hjorten får rier?

5 Tel du månadene dei går drektige,

kjenner du tida når dei skal føda?

6 Dei huker seg ned og får ungane sine;

og så er riene over.

7 Ungane veks seg store og sterke på slettene,

så spring dei bort og kjem ikkje att.


8 Kven sleppte villeselet fri

og løyste det frå alle band?

9 Eg gav det ein heim i øydemarka,

ein bustad i det salte landet.

10 Det ler av larmen i byen,

høyrer ingen drivar som skjenner.

11 Det søkjer beite i fjella,

leitar opp kvar grøn flekk.


12 Er villoksen villig til å tena deg,

kviler han ved krubba di om natta?

13 Klarer du å spenna han for plogen?

Vil han harva dalane etter deg?

14 Torer du stola på han, sterk som han er?

Kan du overlata arbeidet ditt til han?

15 Trur du at han fører kornet heim

og samlar det på treskjeplassen?


16 Strutsen flaksar lystig med vengene,

men kan ikkje flyga som stork og falk.

17 Strutsen går frå egga sine på marka,

lèt dei bli varme i sanden.

18 Ho gløymer at ein fot kan knusa dei,

at villdyra kan trakka dei sund.

19 Ho er hard mot ungane, som om dei ikkje var hennar eigne,

fryktar ikkje for at strevet hennar skal vera til inga nytte.

20 For Gud nekta henne visdom,

gav henne ingen forstand.

21 Men når ho flaksar opp i vêret,

skrattar ho av hest og ryttar.


22 Kan du gje hesten styrke,

kle nakken hans med man,

23 la han springa som grashoppa?

Han vrinskar stolt og skremmande.

24 Han skrapar i marka, yr av kraft,

så fer han fram mot våpna.

25 Han ler av redsla, fryktar aldri

og snur ikkje når han møter sverd.

26 Over han klirrar pilkoggeret,

det blinkar i spyd og sabel.

27 Som eit jordskjelv dundrar han fram

og stansar ikkje om hornet gjallar.

28 Han vrinskar når hornet læt, vêrar krig på lang avstand:

kommandorop og hærskrik.


29 Var det din forstand som lærte falken å flyga,

spreia vengene og gli mot sør?

30 Er det på ditt ord at ørna stig

og byggjer reir så høgt oppe?

31 Ho held til mellom berga,

bak festningar av kvasse tindar.

32 Der speidar ho etter mat,

auga skodar vidt ikring.

33 Ungane hennar slurpar i seg blod,

der det finst åtsel, er ho på plass.


34  Herren svara Job og sa:

35 «Ønskjer klagaren å føra sak mot Den veldige?

Den som klagar Gud, må svara!»

36 Då svara Job Herren og sa:

37 «Eg er så liten, kva kunne eg svara deg?

Eg legg handa over munnen.

38 Ein gong har eg tala og tek ikkje meir til ords,

to gonger, men no seier eg ikkje meir.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.