Gå til forsiden

Josva

10

Josva vinn over fem amorittkongar

1 Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, fekk høyra at Josva hadde teke Ai og slege byen med bann, at han hadde gjort det same med Ai og kongen der som han hadde gjort med Jeriko og kongen der, og at innbyggjarane i Gibeon hadde slutta fred med israelittane og budde midt iblant dei. 2 Då vart han livande redd. For Gibeon var ein stor by, like stor som ein av kongebyane, større enn Ai, og alle mennene der var modige krigarar. 3 Adoni-Sedek, kongen i Jerusalem, sende difor bod til Hoham, kongen i Hebron, til Piram, kongen i Jarmut, til Jafia, kongen i Lakisj, og til Debir, kongen i Eglon, og sa: 4 «Kom opp og hjelp meg så vi kan slå Gibeon. For dei har slutta fred med Josva og israelittane.» 5 Dei fem amorittkongane, kongane i Jerusalem, Hebron, Jarmut, Lakisj og Eglon, samla seg då og drog dit opp med hærane sine. Dei kringsette Gibeon og gjekk til åtak på byen.

6 Då sende mennene i Gibeon bod til Josva i leiren ved Gilgal og sa: «Slå ikkje handa av tenarane dine! Skund deg opp, berg oss og hjelp oss! For alle amorittkongane som bur i fjellandet, har slege seg saman mot oss.» 7 Josva drog då opp frå Gilgal med heile hæren, alle dei modige krigarane.

8  Herren sa til Josva: «Ver ikkje redd dei, eg gjev dei over i dine hender! Ikkje ein av dei skal greia å stå imot deg.» 9 Josva kom uventa på dei; heile natta hadde han marsjert frå Gilgal. 10  Herren spreidde uro i rekkjene då israelittane kom, og dei gav fienden eit stort nederlag ved Gibeon. Sidan forfølgde israelittane dei på vegen oppover mot Bet-Horon, heilt til Aseka og Makkeda, og hogg dei ned. 11 Då dei hadde rømt for israelittane og var komne til bakken ned frå Bet-Horon, kasta Herren store steinar ned frå himmelen, heile vegen til Aseka, så dei døydde. Dei som vart drepne av haglsteinane, var fleire enn dei som israelittane drap med sverd.

12 På den dagen då Herren gav amorittane i israelittane si hand, tala Josva til Herren. Han sa framfor israelittane:

«Sol, stå stille i Gibeon,

måne, i Ajjalons dal!»

13 Då stod sola stille og månen stansa til folket fekk teke hemn over fiendane sine.

Slik står det skrive i «Boka til den rettvise». Sola stansa midt på himmelen, og ho skunda seg ikkje med å gå ned før ein heil dag var til ende. 14 Aldri, korkje før eller sidan, har det vore ein dag som denne, då Herren bønhøyrde ein mann slik. For Herren førte krig for Israel. 15 Så drog Josva og heile Israel med han tilbake til leiren ved Gilgal.

16 Men dei fem kongane rømde og gøymde seg i hòla ved Makkeda. 17 Då Josva fekk vita at dei fem kongane var funne, og at dei hadde gøymt seg i hòla ved Makkeda, 18 sa han: «Velt store steinar framfor inngangen til hòla og set nokre menn til å halda vakt der. 19 Men sjølve må de ikkje bli verande der. Set etter fiendane og hogg dei ned. Lat dei ikkje koma inn i byane sine! For Herren dykkar Gud har overgjeve dei i dykkar hender.»

20 Josva og israelittane gav dei eit stort nederlag og gjorde ende på dei; berre nokre få overlevde og kom seg inn i festningsbyane. 21 Så drog heile hæren uskadd tilbake til Josva i leiren ved Makkeda. Ingen våga å bruka skarpe ord mot israelittane.

22 Så sa Josva: «Opna inngangen og før desse fem kongane ut av hòla til meg.» 23 Dei så gjorde; dei førte dei fem kongane ut til han frå hòla: kongen i Jerusalem, kongen i Hebron, kongen i Jarmut, kongen i Lakisj og kongen i Eglon. 24 Då dei hadde ført kongane ut til Josva, kalla han alle mennene i Israel til seg og sa til hærførarane som hadde følgt han: «Kom hit og set foten på nakken til desse kongane!» Og dei kom fram og sette foten på nakken deira. 25 Josva sa til dei: «Ver ikkje redde og mist ikkje motet! Ver modige og sterke! For slik vil Herren gjera med dei fiendane de kjem i strid med.»

26 Deretter hogg Josva dei ned. Han drap dei og hengde dei opp på fem trepålar, og der vart dei hangande til kvelds. 27 Ved solnedgang baud Josva å ta dei ned frå pålane og kasta dei inn i hòla der dei hadde gøymt seg. Dei la store steinar framfor opninga til hòla, og der ligg dei den dag i dag.

Israel tek land i sør

28 Same dagen tok Josva også Makkeda og hogg ned kongen og alle i byen med sverd. Han slo byen med bann og utsletta alt levande der. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen i Makkeda gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

29 Frå Makkeda drog Josva med heile Israel til Libna, og han gjekk til åtak på byen. 30  Herren gav også Libna og kongen der i Israels hender. Josva hogg ned folket og alt levande i byen med sverd. Han lét ingen overlevande vera att. Med kongen gjorde han like eins som han hadde gjort med kongen i Jeriko.

31 Frå Libna drog Josva med heile Israel vidare til Lakisj. Han kringsette byen og gjekk til åtak på han. 32  Herren gav Lakisj i hendene på israelittane, og neste dag tok dei byen. Dei hogg ned folket og alt levande i byen med sverd, som dei hadde gjort i Libna. 33 Då drog Horam, kongen i Geser, opp for å hjelpa Lakisj. Men Josva slo både han og hæren hans; han lét ingen overlevande vera att.

34 Frå Lakisj drog Josva med heile Israel vidare til Eglon. Dei kringsette byen og gjekk til åtak på han. 35 Den dagen tok dei byen og hogg alle ned med sverd. På denne dagen slo dei alt levande i byen med bann, slik dei hadde gjort i Lakisj.

36 Frå Eglon drog Josva med heile Israel vidare opp til Hebron og gjekk til åtak på byen. 37 Dei tok han og hogg alle ned med sverd. Dei hogg ned kongen i byen og folket i alle byane som høyrde Hebron til, alt levande. Han lét ingen overlevande vera att. På same måten som dei hadde gjort med Eglon, slo dei byen med bann og utsletta alt som levde der.

38 Josva med heile Israel vende seg no mot Debir. Dei gjekk til åtak på byen 39 og tok han. Kongen der og folket i alle byane som høyrde Debir til, hogg dei ned med sverd. Dei slo alt levande med bann; han lét ingen overlevande vera att. Slik dei hadde gjort med Hebron og med Libna og kongen der, gjorde dei no med Debir og kongen der.

40 Josva tok heile landet, både fjellandet, Negev, låglandet og liene og alle kongane der. Han lét ingen overlevande vera att. Alt levande slo han med bann, slik Herren, Israels Gud, hadde sagt han føre. 41 Josva tok alt landet frå Kadesj-Barnea til Gaza og heile Gosen-landet til Gibeon. 42 I eitt og same felttog slo han alle kongane der og tok landet deira. For Herren, Israels Gud, kjempa for Israel. 43 Så vende Josva med heile Israel attende til leiren ved Gilgal.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.