Gå til forsiden

Josva

20

Fribyane

1  Herren sa til Josva: 2 Sei til israelittane at dei skal velja seg fribyar slik eg baud dei gjennom Moses. 3 Dit kan ein drapsmann rømma når han av vanvare og aktlaust slår nokon i hel. Der kan de søkja tilflukt frå blodhemnarar. 4 Den som rømmer til ein av desse byane, skal stilla seg ved inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Dei skal sleppa han inn i byen og gje han ein bustad hos dei. 5 Dersom blodhemnaren forfølgjer drapsmannen, skal dei ikkje utlevera han, for utan å vilja det har han slege nesten sin i hel; han bar ikkje hat til han frå før. 6 Han skal få bu der i byen til han blir stilt for domstolen i forsamlinga. Når han som er øvsteprest på den tida, døyr, kan drapsmannen dra heim att til sin eigen by og sitt eige hus, til byen han rømde frå.

7 Dei skilde då ut desse byane og helga dei: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraim-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella. 8 På den andre sida av Jordan, aust for Jeriko, valde dei frå Ruben-stammen Beser i ørkenen på høgsletta; frå Gad-stammen Ramot i Gilead og frå Manasse-stammen Golan i Basan. 9 Dette er dei byane som vart utpeika for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til iblant dei. Kvar den som av vanvare hadde slege nokon i hel, kunne rømma dit. Han skulle ikkje døy for blodhemnaren si hand utan å vera stilt for domstolen i forsamlinga.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.