Gå til forsiden

Klagesongane

Fjerde song

Alef

4

א

1 Gullet har mista sin glans,

det fine gullet er forandra!

Dei heilage steinane ligg strødde

på alle gatehjørne.


Bet

ב

2 Sions utvalde søner,

verde si vekt i gull,

blir rekna som leirkar,

eit verk av pottemakarhand!


Gimel

ג

3 Jamvel sjakalar held spenane fram,

dei lèt ungane suga.

Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaust

som strutsen i ørkenen.


Dalet

ד

4 Spedborna er tørste,

tunga klistrar seg til ganen.

Småborna tiggar om brød,

men ingen gjev dei ein bit.


He

ה

5 Dei som åt lekre retter,

fell om i gatene.

Dei som vart fostra opp i skarlak,

kastar seg over dungane.


Waw

ו

6 Skulda til folket, mi dotter,

er større enn synda i Sodoma,

som brått vart øydelagd

utan at nokon hadde rørt henne.


Zajin

ז

7 Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø,

meir skinande enn mjølk.

Kroppen deira var raudare enn korallar,

lemene var av safir.


Het

ח

8 Dei har vorte svartare enn sot,

ein kjenner dei ikkje att på gata.

Huda strammar seg om knoklane,

ho har vorte tørr som ved.


Tet

ט

9 Betre var det å falla for sverd

enn å falla for svolt,

tærast bort og drepast

av åkrar utan grøde.


Jod

י

10 Kjærlege kvinner

koker borna sine,

dei har vorte maten deira.

Folket, mi dotter, er knust.


Kaf

כ

11  Herren har aust av sin harme,

tømt ut sin brennande vreide.

Han har sett fyr på Sion,

grunnvollane øydest i eld.


Lamed

ל

12 Ingen konge på jorda,

ingen i heile verda trudde

at ein motstandar eller fiende

kunne koma inn gjennom Jerusalems portar.


Mem

מ

13 Det hende fordi profetane synda

og prestane førte skuld over seg.

Dei lét blodet av rettferdige

renna i byen.


Nun

נ

14 Blinde flakkar dei om i gatene,

tilsølte med blod,

ingen kan røra

kleda deira.


Samek

ס

15 «Av vegen! Urein!» ropar folk til dei.

«Av vegen! Ikkje rør!»

Dei rømmer og vildrar omkring.

Alle folkeslag seier: «Dei får ikkje bu her.»


Pe

פ

16  Herren sjølv har spreidd dei,

han vil ikkje sjå dei lenger.

Dei vørde ikkje prestane

og var ikkje nådige mot dei gamle.


Ajin

ע

17 Vi held ut, auga blir såre,

vi ser fåfengt etter hjelp.

Vi har stått på vakt og speida

etter eit folk som ikkje kunne hjelpa.


Tsade

צ

18 Dei vakta kvart steg vi tok,

vi kunne ikkje gå på gatene våre.

Enden var nær, vår tid var ute,

ja, enden var komen.


Qof

ק

19 Dei som jaga oss, var snarare

enn ørnane under himmelen.

Over fjella forfølgde dei oss,

i ørkenen låg dei og lurte på oss.


Resj

ר

20  Herrens salva, vår pust,

vart fanga i gravene deira.

Det var om han vi sa:

«I hans skugge skal vi leva mellom folka.»


Sjin

ש

21 Fryd og gled deg, dotter Edom,

du som bur i landet Us.

Men begeret kjem til deg òg,

du skal bli full og kle deg naken.


Taw

ת

22 Di skuld er betalt, dotter Sion,

aldri meir vil han føra deg bort.

Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for,

dine synder viser han fram.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.