Gå til forsiden

Tredje Mosebok

12

Reinsing etter fødsel

1  Herren sa til Moses: 2 Sei til israelittane: Når ei kvinne er med barn og føder ein gut, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som menstruasjonsdagane sine. 3 Den åttande dagen skal forhuda til guten skjerast bort. 4 Kvinna skal venta i trettitre dagar medan blodet hennar blir reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane er over. 5 Dersom ho føder ei jente, er ho urein i to veker, som ved menstruasjon. Og ho skal venta i sekstiseks dagar medan blodet hennar blir reinsa. 6 Når reinsingsdagane for ein son eller ei dotter er over, skal ho koma til inngangen til teltheilagdomen, til presten, med eit årsgammalt lam som brennoffer og ein dueunge eller ei turteldue som syndoffer. 7 Han skal ofra det for Herrens andlet og gjera soning for henne, så ho blir rein etter blødinga. Dette er lova for den som føder ein gut eller ei jente.

8 Men dersom ho ikkje har nok til eit lam, skal ho ta to turtelduer eller to dueungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer. Presten skal gjera soning for henne så ho blir rein.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.