Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

Neste kapittel >

JESU BARNDOM (Kap. 1–2)
Jesu ættetavle
1    Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son:
   
 2 Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans.  3 Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram,  4 Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Nahsjon, Nahsjon fekk Salma,  5 Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai,  6 og Isai vart far til David, kongen.
        David fekk sonen Salomo med kona til Uria,
 7 Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa,  8 Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia,  9 Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Ahas, Ahas fekk Hiskia, 10 Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, 11 og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.
   
12 Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, 13 Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, 14 Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, 15 Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, 16 og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.
   
17 Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.
Jesus blir fødd
18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. 19 Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20 Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
          
   
23  Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
           og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.
   
24 Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si 25 og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.
Neste kapittel >

05. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. ... Vis hele teksten

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. 3Mange folk skal dra av sted og si: «Kom, la oss gå opp til Herrens fjell, til Jakobs Guds hus, så han kan lære oss sine veier og vi kan ferdes på hans stier. For lov skal gå ut fra Sion, Herrens ord fra Jerusalem.» 4Han skal dømme mellom folkeslag og skifte rett for mange folk. De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, la oss vandre i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. ... Vis hele teksten

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. 3Mange folk skal dra av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» 4Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, ... Vis hele teksten

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, 3Eatnat olbmuid čearddat johttájit ja dadjet: “Bohtet, vulgot Hearrá várrái, Jakoba Ipmila vissui. Son oahpista midjiide geainnuidis, mii dáhttut vádjolit su bálgáid, danin go Hearrá láhka vuolgá Sionis, Hearrá sátni Jerusalemis.” 4Son dubme álbmogiid, cealká duomu eatnat olbmuid čearddaide. Sii dáhkot mihkiideaset plogaávjun ja sáittiideaset viidnegárdeniibin. Álbmot ii šat lokte miehki álbmoga vuostá, dat eai šat oahpahala soahtat. 5Jakoba mánát, bohtet, vádjolehkot Hearrá čuovggas!