Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Himmelriket og dei små
18I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
   
 5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Forføringar og freistingar
 6 Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.
   
 7 Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
   
 8 Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden.  9 Og om auget lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld.
Sauen som gjekk seg vill
10 Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far. 11 *For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.•
   
12 Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar? 13 Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill. 14 Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
Når ein bror syndar
15 Syndar bror din *mot deg•, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din. 16 Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord. 17 Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
   
18 Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
   
19 Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen. 20 For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»
Likninga om den hardhjarta tenaren
21 Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?» 22 Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
   
23 Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine. 24 Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar. 25 Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast. 26 Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’ 27 Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.
   
28 Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’ 29 Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’ 30 Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.
   
31 Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt. 32 Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det. 33 Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’ 34 Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.
   
35 Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >

05. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. ... Vis hele teksten

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. 3Mange folk skal dra av sted og si: «Kom, la oss gå opp til Herrens fjell, til Jakobs Guds hus, så han kan lære oss sine veier og vi kan ferdes på hans stier. For lov skal gå ut fra Sion, Herrens ord fra Jerusalem.» 4Han skal dømme mellom folkeslag og skifte rett for mange folk. De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, la oss vandre i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. ... Vis hele teksten

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. 3Mange folk skal dra av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» 4Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, ... Vis hele teksten

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, 3Eatnat olbmuid čearddat johttájit ja dadjet: “Bohtet, vulgot Hearrá várrái, Jakoba Ipmila vissui. Son oahpista midjiide geainnuidis, mii dáhttut vádjolit su bálgáid, danin go Hearrá láhka vuolgá Sionis, Hearrá sátni Jerusalemis.” 4Son dubme álbmogiid, cealká duomu eatnat olbmuid čearddaide. Sii dáhkot mihkiideaset plogaávjun ja sáittiideaset viidnegárdeniibin. Álbmot ii šat lokte miehki álbmoga vuostá, dat eai šat oahpahala soahtat. 5Jakoba mánát, bohtet, vádjolehkot Hearrá čuovggas!