Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Evangeliet etter Matteus

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Ekteskap, skilsmisse og einsleg stand
19Då Jesus hadde fullført denne talen, tok han ut frå Galilea og drog til Judea-landet bortanfor Jordan.  2 Mykje folk følgde han, og han lækte dei der.
   
 3 Nokre farisearar ville setja han på prøve og kom til han og spurde: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si av kva grunn som helst?»  4 Han svara: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei som mann og kvinne  5 og sa: ‘ Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp’?  6 Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, det skal ikkje menneske skilja.»  7 Dei spurde han: «Kvifor har då Moses gjeve bod om at mannen skal gje kvinna skilsmissebrev før han kan senda henne frå seg?»  8 Jesus svara: «Fordi hjarta dykkar er så harde, gav Moses dykk lov til å skiljast frå konene dykkar. Men frå opphavet var det ikkje så.  9 Og det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.»
   
10 Då sa læresveinane til han: «Er det slik mellom mann og kvinne, då er det betre å la vera å gifta seg.» 11 Men Jesus svara: «Dette er noko som ikkje alle kan ta inn over seg, men berre dei som har fått gåve til det. 12 For somme er evnukkar fordi dei er komne slik frå mors liv, andre fordi menneske har gjort dei til evnukkar, men det finst òg dei som har gjort seg sjølve lik ein evnukk for himmelriket skuld. Lat dei ta dette til seg, dei som kan.»
Jesus og borna
13 Dei bar småborn til Jesus for at han skulle leggja hendene på dei og be; men læresveinane viste dei bort. 14 Då sa Jesus: «Lat småborna vera, og hindra dei ikkje i å koma til meg! For himmelriket høyrer slike til.» 15 Og han la hendene på dei. Så drog han derifrå.
Jesus og den rike unge mannen
16 Då kom det ein mann til han og spurde: «Meister, kva godt skal eg gjera så eg kan få evig liv?» 17 Jesus svara: «Kvifor spør du meg om det gode? Éin er den gode. Men vil du gå inn til livet, så hald boda!» 18 «Kva for bod?» spurde mannen. Jesus svara: « Du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje bryta ekteskapet, du skal ikkje stela, du skal ikkje vitna falskt, 19  du skal æra far din og mor di, og du skal elska nesten din som deg sjølv.» 20 «Alt dette har eg halde», svara den unge mannen. «Kva står då att?» 21 Jesus sa til han: «Vil du vera heilhjarta, så gå bort og sel det du eig, og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og følg meg!» 22 Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han eigde mykje.
   
23 Då sa Jesus til læresveinane: «Sanneleg, eg seier dykk: Det er vanskeleg for ein som er rik, å koma inn i himmelriket. 24 Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» 25 Då læresveinane høyrde det, vart dei heilt forstøkte og sa: «Kven kan då bli frelst?» 26 Jesus såg på dei og sa: «For menneske er det umogleg; men for Gud er alt mogleg.»
   
27 Då tok Peter til orde og sa: «Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?» 28 Jesus sa til dei: «Sanneleg, eg seier dykk: Når alt skal fødast på nytt og Menneskesonen sit på kongsstolen sin i herlegdom, då skal de òg, som har følgt meg, sitja på tolv troner og dømma dei tolv Israel-stammane. 29 Og alle som har forlate hus eller brør eller systrer eller far eller mor eller born eller åkrar for mitt namn skuld, skal få det att hundre gonger og arva evig liv. 30 Men mange som er dei første, skal bli dei siste, og dei siste skal bli dei første.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

05. desember 2022

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. ... Vis hele teksten

2I de siste dager skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkelig som det høyeste av fjellene og rage over høydene. Dit skal alle folkeslag strømme. 3Mange folk skal dra av sted og si: «Kom, la oss gå opp til Herrens fjell, til Jakobs Guds hus, så han kan lære oss sine veier og vi kan ferdes på hans stier. For lov skal gå ut fra Sion, Herrens ord fra Jerusalem.» 4Han skal dømme mellom folkeslag og skifte rett for mange folk. De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, la oss vandre i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. ... Vis hele teksten

2I dei siste dagar skal det skje at Herrens tempelberg skal stå urokkeleg som det høgaste av fjella og raga over høgdene. Dit skal alle folkeslag strøyma. 3Mange folk skal dra av stad og seia: «Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar og vi kan ferdast på hans stigar. For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.» 4Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig. 5Kom, Jakobs hus, lat oss vandra i Herrens lys!

Dagens bibelord

Jesaja 2,2–5

Les i nettbibelen

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, ... Vis hele teksten

2Boahtá áigi goas Hearrá tempelvárri čuožžu nanusin, váriin alimussan, alážiin bajimussan, ja álbmogat márret dohko, 3Eatnat olbmuid čearddat johttájit ja dadjet: “Bohtet, vulgot Hearrá várrái, Jakoba Ipmila vissui. Son oahpista midjiide geainnuidis, mii dáhttut vádjolit su bálgáid, danin go Hearrá láhka vuolgá Sionis, Hearrá sátni Jerusalemis.” 4Son dubme álbmogiid, cealká duomu eatnat olbmuid čearddaide. Sii dáhkot mihkiideaset plogaávjun ja sáittiideaset viidnegárdeniibin. Álbmot ii šat lokte miehki álbmoga vuostá, dat eai šat oahpahala soahtat. 5Jakoba mánát, bohtet, vádjolehkot Hearrá čuovggas!