Gå til forsiden

Salomos ordtak

3

Truskap mot Herren og boda hans

1 Son min, gløym ikkje mi rettleiing,

ta vare på mine bod i hjartet!

2 For dei vil gje deg mange år og eit langt liv

og overflod av fred.

3 Lat aldri godleik og truskap fara!

Bind dei om halsen,

skriv dei på hjartetavla!

4 Då får Gud og menneske velvilje for deg

og ser ditt gode vit.


5 Lit på Herren av heile ditt hjarte,

støtt deg ikkje på eiga innsikt.

6 Ha han i tankar kvar du ferdast,

så gjer han stigane dine jamne.

7 Ver ikkje vis i eigne auge,

frykt Herren og vend deg bort frå det vonde!

8 Det blir til helse for kroppen,

ein styrkedrikk for merg og bein.

9 Æra Herren med det du eig,

med førstegrøda av all di avling.

10 Då blir di matbu rikeleg fylt,

pressekummane renn over av ny vin.


11 Son min, forakt ikkje Herrens formaning,

mist ikkje motet når han refsar.

12 For den Herren elskar, refsar han,

slik ein far gjer med ein son han har kjær.

Visdomen er eit livsens tre

13 Sæl er den som finn Visdomen

og vinn seg forstand!

14 For meir er ho verd enn sølv,

ho gjev større vinning enn gull.

15 Ho er meir verdfull enn perler,

av alle dine skattar er ingen som henne.

16 Langt liv held ho i si høgre hand,

i si venstre rikdom og ære.

17 På vegane hennar er det herleg å fara,

alle hennar stigar fører til fred.

18 Eit livsens tre er ho for dei som held fast ved henne,

lukkelege er dei som støttar seg til henne.


19 Med visdom grunnla Herren jorda,

han grunnfeste himmelen med forstand.

20 Ved kunnskapen hans vart djupa opna,

og skyene lét dogg drypa.


21 Son min, ta vare på klokskap og omtanke,

slepp dei ikkje av syne!

22 Dei skal vera til liv for deg,

ei vakker kjede om halsen.

23 Då kan du vandra trygt på din veg

og ikkje støyta foten mot noko.

24 Du er ikkje redd når du går til ro,

og når du har lagt deg, søv du så godt.

25 Du blir ikkje redd for uventa fare

når øydelegginga kjem for dei urettferdige.

26 For Herren skal vera ved di side,

han skal vakta foten din for snara.

Ein god granne

27 Når det står i di makt å gjera det gode,

skal du ikkje halda det tilbake

frå den som har rett på det.

28 Om du har noko, sei ikkje då til din neste:

«Kom att, i morgon skal du få!»

29 Legg ikkje vonde planar mot din neste,

som trur det er trygt å vera grannen din.

30 Trett ikkje med nokon utan grunn

når han ikkje har gjort deg vondt.

31 Misunn ikkje ein valdsmann!

Hans vegar må du aldri velja.

32 For Herren avskyr den som er falsk,

men talar fortruleg med dei rettskafne.

33  Herren forbannar huset til dei urettferdige,

men heimen til dei rettferdige velsignar han.

34 Spottarar svarar han med spott,

men dei audmjuke gjev han nåde.

35 Dei vise arvar ære,

men dårar må bera si skam.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.