Gå til forsiden

Salmane

120 

1 Ein song til festreisene.


Eg ropa til Herren i mi naud,

og han svara meg.

2  Herre, berg meg frå lepper som lyg,

frå tunger fulle av svik!


3 Kva skal han gje deg, du svikefulle tunge,

kva meir skal han la deg få?

4 Stridsmannens kvasse piler

og brennande kol frå gyvelbusken!


5 Ve meg! Eg er innflyttar i Mesjek,

eg bur mellom Kedars telt!

6 Altfor lenge har eg budd

mellom folk som hatar fred.

7 Eg er fred,

men om eg talar,

går dei til krig.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.