Gå til forsiden

Salmane

60 

1 Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam, til lærdom. Av David, 2 då han låg i strid med aramearriket mellom elvane og aramearriket i Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.


3 Gud, du har støytt oss bort og knust oss.

Du var harm. Reis oss opp att!

4 Du lét landet skjelva og rivna.

Læk brestene, for landet vaklar.


5 Du lét folket ditt sjå harde tider,

gav oss vin så vi tumla.

6 Du reiste ei fane for dei som fryktar deg.

Dit kan dei rømma for bogen. Sela

7 Hjelp oss med di høgre hand, svar meg,

så dine kjære kan bli berga.


8 Gud har tala i sin heilagdom:

«Med jubel vil eg dela ut Sikem,

Sukkot-dalen vil eg måla opp.

9 Mitt er Gilead og mitt er Manasse,

Efraim er hjelmen på mitt hovud,

Juda er min styrarstav.

10 Men Moab er mitt vaskefat,

på Edom kastar eg sandalen.

Hyll meg, Filistarland!»


11 Kven fører meg til festningsbyen,

kven leier meg til Edom?

12 Det er du, Gud, du som støytte oss bort

og ikkje drog ut med våre hærar.


13 Støtt oss mot fienden!

Hjelp frå menneske er ingenting verd.

14 I Gud skal vi gjera storverk.

Han skal trakka ned våre fiendar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.