Gå til forsiden

Salmane

77 

1 Til korleiaren. Etter Jedutun. Av Asaf. Ein salme.


2 Eg ropar til Gud, eg skrik.

Eg ropar til Gud, og han høyrer meg.

3 Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren.

Om natta retter eg handa ut,

ho trøytnar ikkje.

Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4 Eg tenkjer på Gud og sukkar,

eg grublar, og mi ånd veiknar. Sela


5 Du held auga mine opne,

eg er uroleg, eg kan ikkje tala.

6 Eg tenkjer på gamle dagar,

minnest framfarne år.

7 Om natta tenkjer eg på dette,

hjartet grublar, ånda granskar.


8 Vil Herren støyta oss bort for alltid

og ikkje lenger vera god mot oss?

9 Er hans miskunn slutt for evig,

er ordet hans borte for alle slekter?

10 Har Gud gløymt å vera nådig,

har han late att hjartet i vreide? Sela


11 Eg seier: «Dette plagar meg:

høgre handa til Den høgste

er ikkje lenger den same.»

12 Eg minnest Herrens verk,

minnest dine under frå gammal tid.

13 Eg grundar på alt du gjorde,

og grublar over dine storverk.


14 Gud, i heilagdom går du fram.

Kven er ein gud så stor som vår Gud?

15 Du er den Gud som gjer under,

mellom folka lèt du di makt bli kjend.

16 Med sterk arm løyste du folket ditt ut,

sønene til Jakob og Josef. Sela


17 Vatnet såg deg, Gud,

vatnet såg deg og skalv,

det store djupet bivra.

18 Skyene auste ut vatn,

det torna frå tunge skyer,

pilene dine lynte att og fram.


19 Di torerøyst rulla i stormen,

lyna lyste opp verda.

Jorda riste og skalv.

20 Din veg gjekk gjennom sjøen,

din stig gjennom veldige vatn.

Ingen kjende dine fotspor.

21 Ved handa til Moses og Aron

førte du folket ditt som ein flokk med sauer.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.