Gå til forsiden

Salmane

78 

1 Ein læresalme av Asaf.


Lytt, mitt folk, til mi lov,

vend øyra til orda frå min munn!

2 Eg vil opna munnen og tala i bilete,

la gåter frå gammal tid strøyma fram.

3 Det vi har høyrt og kjenner til,

det fedrane våre har fortalt oss,

4 det løyner vi ikkje for deira born.

For neste slektsledd

vil vi lovprisa Herren,

hans velde og det underfulle han har gjort.


5 Han sette opp lovbod i Jakob,

gav ei lov i Israel

som han baud våre fedrar

gjera kjend for sine born,

6 så neste slektsledd,

dei born som sidan vart fødde,

skulle læra lova å kjenna.

Dei skulle stå fram

og kunngjera henne for sine born,

7 så dei kunne setja si lit til Gud

og ikkje gløyma Guds gjerningar,

men halda hans bod.


8 Dei skulle ikkje bli som sine fedrar,

ei slekt som var trassig og opprørsk,

ei slekt som ikkje gjorde hjartet fast

og ikkje var trufast mot Gud i si ånd.

9 Efraim-folket, væpna med bogar,

snudde på stridens dag.

10 Dei heldt ikkje Guds pakt

og nekta å følgja hans lov.

11 Dei gløymde hans gjerningar,

dei underfulle verk han hadde synt dei.


12 Han gjorde under for deira fedrar

i Egypt, på markene ved Soan.

13 Han kløyvde havet og førte dei over

medan han lét vatnet stå som ein voll.

14 Om dagen leidde han dei i ei sky,

heile natta i ein lysande eld.

15 Han kløyvde berga i øydemarka

og lét dei drikka som frå det store djupet.

16 Han lét bekker strøyma fram or fjellet,

lét vatnet renna ned som elvar.


17 Men dei heldt fram med å synda mot han,

dei trassa Den høgste i det tørre landet.

18 Dei sette Gud på prøve i sitt hjarte

då dei kravde mat til seg sjølve.

19 Dei tala mot Gud.

Dei sa: «Kan Gud dekkja bord i ørkenen?

20 Vel slo han på berget så vatnet rann

og bekkene fløymde fram.

Men kan han òg skaffa brød

eller sørgja for kjøt til sitt folk?»


21  Herren høyrde det, vart han harm.

Ein eld braut ut mot Jakob,

vreide reiste seg mot Israel

22 fordi dei ikkje stola på Gud

og leit på hans frelse.

23 Han gav bod til skyene i det høge

og opna himmelens dører,

24 han lét manna regna over dei til føde,

han gav dei korn frå himmelen.

25 Englebrød fekk menneska eta.

Gud sende mat, og dei vart mette.


26 Han lét austavinden fara ut frå himmelen,

førte sønnavinden fram ved si makt.

27 Han lét kjøt regna ned over dei som støv,

fuglar så mange som havsens sand.

28 Midt i leiren lét han dei falla,

rundt omkring telta.

29 Dei åt seg meir enn mette,

han gav dei det dei hadde lyst på.

30 Men før dei hadde snudd seg bort frå det,

medan dei enno hadde mat i munnen,

31 då reiste Guds vreide seg mot dei.

Dei kraftigaste blant dei drap han,

Israels unge menn tvinga han i kne.

32 Likevel heldt dei fram med å synda

og leit ikkje på hans underfulle verk.

33 Så lét han deira dagar enda i ein pust,

deira leveår i redsle.

34 Når han drap, søkte dei han,

dei vende om og leita etter Gud.

35 Dei kom i hug at Gud er deira berg,

at Gud, Den høgste, er deira utløysar.

36 Likevel narra dei han med munnen,

dei laug for han med tunga.

37 Hjartet heldt ikkje fast ved han,

dei var ikkje trufaste mot hans pakt.


38 Men han var miskunnsam,

han tilgav synda og øydela dei ikkje.

Gong på gong heldt han att sin vreide

og sleppte ikkje all sin harme laus.

39 Han kom i hug at dei var av kjøt og blod,

vind som fer av stad og ikkje vender attende.

40 Kor ofte trassa dei han ikkje i ørkenen!

I øydemarka gjorde dei han sorg.

41 Stadig sette dei Gud på prøve

og krenkte Israels Heilage.


42 Dei hugsa ikkje at han greip inn

den dagen han fria dei frå fienden,

43 då han viste sine teikn i Egypt,

sine underfulle verk på markene ved Soan.

44 Han gjorde elvane til blod,

ingen kunne drikka av bekkene.

45 Han sende insekt som åt dei,

og frosk som øydela.

46 Han lét grashoppa gnaga opp avlinga,

grashoppesvermen fekk grøda.


47 Han øydela vinstokkane med hagl

og morbærtrea med frost.

48 Han sende hagl over feet

og eld over buskapen.

49 Han sende mot dei sin brennande vreide,

harme, sinne og trengsle,

englar vart sende med ulukke.

50 Han bana veg for sin vreide

og sparte dei ikkje for døden,

men overgav deira liv til pesten.

51 Han slo alle førstefødde i Egypt,

førstegrøda av krafta i Hams telt.


52 Så lét han folket sitt dra ut som sauer,

i ørkenen førte han dei som ein flokk.

53 Han leidde dei trygt, dei frykta ikkje,

havet skylde over fienden.

54 Han førte dei til sitt heilage land,

til fjellet hans høgre hand hadde vunne.

55 Han dreiv folkeslag bort for dei

og målte ut eigedom til dei med målesnor.

Han lét Israels stammar flytta inn telta.


56 Men dei utfordra og trassa Gud, Den høgste,

og heldt ikkje hans bod.

57 Dei drog seg tilbake

og var trulause som sine fedrar,

dei svikta, lik ein boge som blir slakk.

58 Med sine offerhaugar gjorde dei han rasande,

med avgudsbilete gjorde dei han sjalu.

59 Gud høyrde det og vart harm,

han vraka Israel heilt og fullt.

60 Han gav opp sin bustad i Sjilo,

det teltet han budde i blant menneske.


61 Han overgav si makt til fangenskap,

sin glans i handa til fienden.

62 Han overgav folket sitt til sverdet,

han vart harm på sin eigedom.

63 Elden øydde deira unge stridsmenn,

jentene fekk ingen bryllaupssong.

64 Prestane deira fall for sverd,

enkjene fekk ikkje gråta.

65 Då vakna Herren lik ein som har sove,

lik ein stridsmann drukken av vin.

66 Han slo motstandarane sine tilbake

og gav dei evig skam.


67 Han vraka Josefs telt,

han valde ikkje ut Efraims stamme.

68 Men Judas stamme valde han,

og Sion-fjellet, som han elskar.

69 Han bygde sin heilagdom lik den høge himmelen,

lik jorda, som han grunnla for alltid.


70 Han valde ut David,

frå sauekvea henta han sin tenar.

71 Han førte han bort frå søyene

så han skulle gjeta Jakob, hans folk,

og Israel, hans eigedom.

72 Han gjette dei med eit heilt hjarte

og leidde dei med kunnig hand.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.