Gå til forsiden

Salmane

80 

1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.


2 Lytt, du Israels gjetar,

du som fører Josef lik ein flokk med sauer.

Du som tronar over kjerubane, strål fram!

3 Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse,

kom oss til hjelp!

4 Gud, før oss tilbake,

lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!


5 Gud Herre Sebaot,

kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide?

6 Tårebrød gjev du dei å eta,

og tårer må dei drikka til overmål.

7 Du lèt grannane våre slåst om oss,

fiendane spottar oss.

8 Gud Sebaot, før oss tilbake,

lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!


9 Ein vinstokk tok du frå Egypt,

du dreiv folkeslag ut og planta han.

10 Du rydda plass for han

så han slo rot og fylte landet.

11 Fjell vart dekte av skuggen,

mektige sedrar av greinene.

12 Han strekte rankene ut til havet

og renningane til Storelva.


13 Kvifor har du rive ned gjerdet rundt han

så alle som går framom, kan plukka,

14 villsvin frå skogen kan gnaga

og krypet på marka kan eta?

15 Vend attende, Gud Sebaot,

skoda ned frå himmelen og sjå!

Ta deg av denne vinstokken,

16 det du har planta med di høgre hand,

sonen som du sjølv har gjeve styrke!


17 Treet er brent opp i elden, hogge av.

Dei skal gå til grunne når du trugar.

18 Hald di hand over han som er ved di høgre side,

over mennesket som du sjølv har gjeve styrke,

19 så vil vi aldri trekkja oss bort frå deg.

Vekk oss til liv att,

så vil vi kalla på ditt namn!

20 Gud Herre Sebaot, før oss tilbake,

lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.