Gå til forsiden

Salmane

85 

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.


2  Herre, du har vist godvilje mot landet ditt,

du vende lagnaden for Jakob.

3 Du tok bort skulda til folket ditt,

dekte over all deira synd. Sela

4 All din harme tok du tilbake,

du vende deg om frå din brennande vreide.


5 Før oss tilbake, Gud, vår frelsar,

lat din uvilje mot oss ta slutt!

6 Vil du vera harm på oss for alltid

og la vreiden vara frå slekt til slekt?


7 Er det ikkje du som vekkjer oss til liv på nytt

så folket ditt kan gleda seg i deg?

8 Lat oss få sjå di miskunn, Herre,

gjev oss di frelse!


9 Eg vil høyra kva Gud Herren seier.

For han talar fred til sitt folk,

til sine trugne,

– berre dei ikkje vender attende til dårskap!


10 Ja, hans frelse er nær for dei som fryktar han,

så herlegdom skal bu i landet vårt.

11 Miskunn og sanning skal møta kvarandre,

rettferd og fred skal kyssa kvarandre.


12 Sanning skal spira opp av jorda

og rettferd sjå ned frå himmelen.

13  Herren skal gje det som godt er,

og landet vårt skal bera si grøde.

14 Rettferd går framføre

når han dreg fram.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.