Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Bibelleseplaner
Forrige kapittel | Neste kapittel |
5Til korlederen. Med fløytespill. En salme av David. 2 Herre, hør mine ord. Lytt til min klage! 3 Hør mitt rop om hjelp, min konge og min Gud, for jeg ber til deg. 4 Herre, om morgenen hører du min stemme, tidlig bærer jeg fram mitt offer og venter. 5 Du er en Gud som ikke tåler urett. Ingen onde får bo hos deg. 6 Ingen hovmodige får tre fram for dine øyne. Du hater alle som gjør ondt, 7 du gjør ende på dem som taler løgn. Herren avskyr drapsmenn og svikere. 8 Men ved din store godhet kan jeg gå inn i ditt hus. Jeg kaster meg ned i ærefrykt for deg, vendt mot ditt hellige tempel. 9 Herre, led meg i din rettferd så fienden ikke når meg. Gjør veien din jevn for meg! 10 For det er ikke sannhet i deres munn, deres indre er fordervet. Strupen er en åpen grav, og tungen er glatt. 11 Gud, la dem bøte for sin skyld, la dem falle for sine egne planer! Driv dem bort og spre dem, syndene deres er mange. For de har trosset deg. 12 Men alle som søker tilflukt hos deg, skal glede seg, alltid skal de juble. Du verner dem. De fryder seg i deg, de som elsker ditt navn. 13 For du, Herre, velsigner den rettferdige, du dekker ham med nåde som skjold. Sal 5,9 viser til Sal 25,4f, Sal 27,11, Sal 139,24 |
Forrige kapittel | Neste kapittel |
4Han måtte dra gjennom Samaria, 5og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. 6Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen. ... Vis hele teksten
4Han måtte dra gjennom Samaria, 5og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin. 6Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen. 7Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Gjev meg noko å drikka.» 8For læresveinane hans hadde gått inn i byen for å kjøpa mat. 9«Korleis har det seg», seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødar held seg ikkje saman med samaritanar. 10Jesus svara: «Om du hadde kjent Guds gåve og visst kven det er som bed deg om drikke, så hadde du bede han, og han hadde gjeve deg levande vatn.» 11«Herre», sa kvinna, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brønnen er djup. Så kvar får du det levande vatnet frå? 12Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?» 13Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. 14Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» 15Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.» 16Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» 17«Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. 18«For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» 19«Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. 20«Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. 22De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. 24Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» 26Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»