Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
6Då hæren kom heim etter at David hadde felt filistaren, kom kvinnene syngjande og dansande ut frå alle byane i Israel for å møta kong Saul med trommer, glederop og triangelspel. 7Medan dei dansa, song kvinnene: «Saul slo i tusental, men David slo i titusental.» ... Vis hele teksten
6Då hæren kom heim etter at David hadde felt filistaren, kom kvinnene syngjande og dansande ut frå alle byane i Israel for å møta kong Saul med trommer, glederop og triangelspel. 7Medan dei dansa, song kvinnene: «Saul slo i tusental, men David slo i titusental.» 8Då vart Saul brennande harm. Han lika desse orda ille og sa: «Dei gjev David æra for titusental, men meg berre for tusental. No manglar han berre kongsmakta!» 9Frå den dagen såg Saul skeivt til David. 10Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul. Han vart heilt frå seg inne i huset, og David spela på harpa, som han gjorde kvar dag. Saul hadde eit spyd i handa. 11Han kasta spydet mot David og tenkte: «No spiddar eg han til veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger. 12Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå. 13Difor sende Saul han frå seg og sette han til førar for tusen mann. David førte hæren ut i kamp og heim att. 14David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre, for Herren var med han.