Mary Jones og Bibelen hennar

Dramatisering av historia om den vesle jenta Mary Jones, som blei inspirasjonskjelde til bibelselskap over heile verda.

Mary Jones med Bibelen - illustrasjon

Dette hende omkring år 1800. Det veit vi fordi forteljinga om Mary Jones er referert i papira frå den gongen Det britiske bibelselskapet vart skipa i 1804. For den presten som Mary kom til, var til stades på skipingsmøtet og fortalde om den store mangelen på biblar på slutten av 1700-talet. Slik vart historia om Mary Jones inspirasjonen til ei verdsomspennande lenkje med bibelselskap.

Kven gjer kva?

Born utkledde som bibelske personar ønskjer velkomen til gudsteneste. Ein kan farga gamle konfirmantkapper i ulike fargar og bruka dei som utgangspunkt for utkledinga:

  • Abraham og Sara med kompass
  • David med slynge eller kongekrone
  • Daniel med ei leikeløve
  • Samuel og Eli med ei lykt
  • Enkja frå Sarepta med ei krukke med mjøl
  • Rut med eit kornband
  • Peter med fiskegarn
  • Marta med kaffikoppar
  • Kvinna ved brønnen med ei bøtte vatn

Gudstenesta kan opna med ein konkurranse mellom høgre og venstre sida i kyrkjerommet: Kva for bibelske personar skal borna likna på?

Under gudstenesta kan ein dela ut biblar til born i ei bestemt aldersgruppe, eller til konfirmantane.

Ein kan fortelja historia om Mary Jones som dagens preike. Historia finst også som Power Point presentasjon

Historia om Mary Jones kan også dramatiserast av born, som eit alternativ eller supplement til preika.

«Mi favorittforteljing frå Bibelen»: Eit barn, ein ungdom, ein vaksen og ein eldre kan dela favoritthistoria si frå Bibelen og fortelja kvifor dei likar denne forteljinga spesielt godt.

Kyrkjerommet kan dekorerast med barneteikningar av forteljingar i Bibelen. Ei skuleklasse eller ei barnegruppe i kyrkja kan laga teikningane.

Takkofferet går til arbeidet med å gje alle som ønskjer det, ein bibel på eit språk dei kan skjøna og til ein pris dei kan betala.