Å lesa Johannes' openberring i dag

Johannes' openberring er ei lukka bok for mange bibellesarar i dag. Foredraget vil gje hjelp til å forstå ei bibelsk bok som mange ikkje vågar å opne, men som har eit språk som er aktuelt for oss og vår tid.

Om kurset

Forskarar, media og politikarar grip stadig oftare til ord frå Johannes’ openberring for å skildre verda i dag, som «apokalyptisk varme». I Bibelens siste bok finn dei ord for ein natur i endring, for druknande migrantar og andre kriser vi ser omkring oss i dag.

Kurshaldar Hans Johan Sagrusten

Foredragshaldar Hans Johan Sagrusten har skrive boka "Johannes' openberring - ein samtidsvisjon". Boka viser ein ny og aktuell måte å lesa Bibelen siste bok på: ikkje som "den gong da", ei bok for historisk interesserte, eller "langt der framme", ei bok om hendingar i ei fjern framtid - men som ei aktuell bok for vår eiga samtid.

Vår tid er ikkje den endegyldige oppfyllinga av visjonane i Openberringa. Men vi kan likevel spegle oss i desse orda og finne at dei forstår oss og vår tid. Ved å sjå oss sjølv i lys av dei eldgamle orda, kan vi få hjelp til å handle rett i vår eiga tid. Foredraget/kurset vil gje hjelp til å leva eit meiningsfullt liv, midt i ei vanskeleg tid.

Praktisk info

  • Normal pris for foredrag/kurs om Johannes' openberring er kr. 6500,-, evt. med 40 prosent rabatt for ideelle organisasjonar: kr. 3900,-.
  • Viss det er ønskjeleg kan ein førehandsbestilla bøker som blir selde under møtet, for vidare studium for interesserte deltakarar.
  • Etter foredraget er det anledning til spørsmål og samtale.

Kontakt Oss