Gå til forsiden

Klagesongane

3 

1 Eg er mannen som hev set naud under hans vreide-ris. 2 Meg hev han ført og late ferdast i myrker og ikkje i ljos. 3 Berre mot meg vender han si hand uppatt og uppatt heile dagen. 4 Han let mitt hold og mi hud tærast upp, han krasa mine bein. 5 Han bygde ein mur imot meg og ringa meg inn med beiska og møda. 6 På myrke stader let han meg bu lik dei som longe er daude. 7 Han mura att for meg, so eg kjem meg ikkje ut; tunge gjorde han mine lekkjor. 8 Endå eg skreik og ropa, let han øyra att for mi bøn. 9 Han stengde mine vegar med mur av tilhoggen stein, gjorde det uført på stigane mine. 10 Ein lurande bjørn var han mot meg, ei løva i løyne. 11 Til villstig gjorde han min veg, han reiv meg sund og la meg i øyde. 12 Han spente sin boge og sette meg til skotmål for si pil. 13 Han let pilehus-sønene sine renna inn i mine nyro. 14 Eg vart til lått for alt mitt folk, ei nidvisa for dei heile dagen. 15 Han metta meg med beiske urter, gav meg nøgdi med malurt å drikka. 16 Han let meg knasa mine tenner på småstein, han grov meg ned i oska. 17 Du støytte meg burt og tok min fred; eg gløymde kor det var å hava det godt, 18 og eg sa: Det er ute med mi kraft og mi von til Herren. 19 Kom i hug mi naud og mi utlægd - malurt og gall! 20 Mi sjel, ho kjem det i hug og er nedbøygd i meg. 21 Dette vil eg leggja meg på hjarta, og difor vil eg vona: 22 Herrens nåde er det at det ikkje er ute med oss; for hans miskunn er endå ikkje all. 23 Ho er ny kvar morgon, din truskap er stor. 24 Herren er min lut, so segjer mi sjel; difor vonar eg på han. 25 Herren er god med dei som ventar på han, med den sjel som søkjer han. 26 Det er godt at ein er still for Herren og biar på frelsa frå han. 27 Det er godt for ein mann at han ber åk i sin ungdom, 28 at han sit einsleg og tegjer, når han legg byrder på han, 29 at han luter seg med munnen mot moldi og segjer: Kann henda det endå er von - 30 at han snur kinni til den som slær han, let seg metta med hæding. 31 For Herren støyter ikkje æveleg burt, 32 men um han legg på sorg, so miskunnar han att etter sin store nåde; 33 for det er ikkje av hjarta han legg møda og sorg på mannsborni. 34 Når dei krasar under fot alle fangar på jordi, 35 rengjer retten for mannen framfor åsyni åt den Høgste 36 eller gjer urett mot ein mann i hans sak - tru Herren ikkje ser det? 37 Kven tala so det vart, um Herren ikkje baud? 38 Kjem ikkje frå munnen åt den Høgste både vondt og godt? 39 Kvi klagar eit menneske som lever? Kvar syrgje yver si eigi synd! 40 Lat oss ransaka våre vegar og granska dei og venda um til Herren! 41 Lat oss lyfta hjarta og hender til Gud i himmelen! 42 Me hev synda og vore ulydige: du hev ikkje tilgjeve. 43 Du sveipte deg i vreide og elte oss, du slo i hel utan nåde. 44 I skyer sveipte du deg, so ingi bøn rakk fram. 45 Til skarn og til avrak gjorde du oss midt imillom folki. 46 Dei spila upp sitt gap imot oss alle våre fiendar. 47 Gru og grav det vart vår lut, øyding og tjon. 48 Tårebekker renn or mitt auga for di mitt folks dotter er tynt. 49 Mitt auga sirenn, det roar seg ikkje, 50 fyrr Herrens auga ser ned frå himmelen. 51 Mitt auga gjer meg hjarte-ilt for alle døtterne i min by. 52 Dei jaga og elte meg som ein fugl dei som var mine fiendar utan årsak. 53 Dei vilde taka livet av meg, dei vilde kasta meg i brunnen, og dei kasta stein på meg. 54 Vatnet flødde yver mitt hovud; eg sa: Det er ute med meg. 55 Eg kalla på ditt namn, Herre, or djupaste brunnen. 56 Du høyrde mi røyst; lat ikkje øyra att for mitt rop, men gjev meg lindring! 57 Du var nær den dagen eg kalla på deg; du sa: Ver ikkje redd! 58 Du, Herre, hev ført saki for mi sjel, du hev løyst ut mitt liv. 59 Du, Herre, hev set kva urett eg leid; å, døm i mi sak! 60 Du hev set all deira hemnhug, alle deira meinråder mot meg. 61 Du hev høyrt deira hæding, Herre, alle deira meinråder mot meg, 62 det mine motstandarar sa og tenkte imot meg dagen lang. 63 Ansa på dei når dei sit, og når dei stend upp! Nidvisor syng dei um meg. 64 Du vil gjeva dei lika, Herre, for det deira hender hev gjort. 65 Du vil leggja eit sveip yver deira hjarta, di forbanning skal råka dei. 66 Du vil elta dei i vreide og tyna dei, so dei ikkje finst meir under Herrens himmel.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.