Gå til forsiden

Klagesongane

5 

1 Kom i hug, Herre, det som hev hendt oss, skoda og sjå kor me vert hædde! 2 Vår arv hev framande fenge, utlendingar våre hus. 3 Farlause hev me vorte, hev ikkje far; møderne våre er som enkjor. 4 Me lyt kjøpa det vatnet me drikk, vår ved lyt me betala. 5 Våre forfylgjarar hev me på nakken; me er trøytte, me fær ikkje kvild. 6 Egyptarland gav me oss under, og Assyria, so me kunde mettast med brød. 7 Våre feder hev synda, dei er burte; me ber deira misgjerningar. 8 Trælar er våre herrar; ingen riv oss ut or deira hand. 9 Med livsfåre hentar me vårt brød, i otte for øydemarks-sverdet. 10 Vår hud er glodheit som omnen for svolten som svid og brenn. 11 Kvinnor hev dei skjemt i Sion, møyar i byane i Juda. 12 Hovdingar hev dei hengt, dei gamle hev dei ikkje vist vyrdnad. 13 Unge menner bar kverni, og gutar seig ned med vedbyrdi på. 14 Dei gamle sit ikkje lenger i porten, dei unge ikkje meir med sitt strengespel. 15 Det er slutt med vår hjartans gleda, vår dans er umsnudd til sorg. 16 Kruna hev falle av vårt hovud; usæle me, me hev synda! 17 Difor er hjarta vårt sjukt, difor er augo våre dimme, 18 for Sionfjellet skuld, som ligg audt; der renner no revar ikring. 19 Du, Herre, sit æveleg konge, frå ætt til ætt stend din kongsstol. 20 Kvi skulde du æveleg gløyma oss, ganga frå oss for so lang ei tid? 21 Herre, før oss atter til deg, so me kann koma attende! Nya upp att dagane våre, so dei vert som dei ein gong var! 22 For du kann vel ikkje reint ha støytt oss burt, vera so ovleg harm på oss.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.