Stor bibelmangel i Venezuela
Gi sammenEn Bibel koster 49 kroner
Gå til forsiden

Paulus' første brev til korintarane

13 

1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger,

men ikkje har kjærleik,

då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.

2 Om eg har profetisk gåve

og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,

og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,

men ikkje har kjærleik,

då er eg ingen ting.

3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,

ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,

men ikkje har kjærleik,

då har eg ingen ting vunne.


4 Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,

misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig.

5 Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,

er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.

6 Han gleder seg ikkje ved urett,

men gleder seg ved sanninga.

7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.


8 Kjærleiken tek aldri slutt.

Profetgåvene skal bli borte,

tungene skal teia

og kunnskapen forgå.

9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis.

10 Men når det fullkomne kjem,

skal det som er stykkevis, ta ende.

11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, forstod eg som eit barn.

Men då eg vart vaksen, la eg av det barnslege.

12 No ser vi i ein spegel, i ei gåte,

men då skal vi sjå andlet til andlet.

No skjønar eg stykkevis,

men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.


13 Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.

Og størst av dei er kjærleiken.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.