Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Paulus' første brev til korintarane

2

Guds mysterium er openberra

1 Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium. 2 For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov. 5 For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6 Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent. Hadde dei kjent den, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men som det står skrive:

Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,

det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,

alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,

10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud. 11 For kven veit kva som bur i mennesket, utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til. 14 Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon. 16 For

kven kjende Herrens sinn, så han kunne gje han råd?

Men vi har Kristi sinn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.