Gå til forsiden

Første Samuelsbok

8

Israelittane krev ein konge

1 Då Samuel vart gammal, sette han sønene sine til dommarar i Israel. 2 Den førstefødde heitte Joel og den andre Abia. Dei var dommarar i Beer-Sjeba. 3 Men sønene følgde ikkje vegane til Samuel. Dei søkte urett vinning, lét seg kjøpa og vrengde retten. 4 Då samla alle dei eldste i Israel seg og kom til Samuel i Rama. 5 Dei sa til han: «No er du gammal, og sønene dine følgjer ikkje dine vegar. Set ein konge til å styra oss slik alle dei andre folka har.» 6 Men Samuel såg med uvilje på dette at dei sa: «Gjev oss ein konge som kan styra oss!» Og han bad til Herren. 7 Men Herren sa til han: «Høyr på folket og alt dei seier til deg! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg. 8 Det har dei gjort frå den dagen eg førte dei opp frå Egypt og til denne dag. Dei har gått ifrå meg og dyrka andre gudar. Og slik gjer dei no mot deg. 9 Så høyr på dei! Men åtvar dei og fortel kva rettar kongen deira kjem til å få.»

10 Samuel fortalde folket som kravde ein konge av han, alt det Herren hadde sagt. 11 Han sa: «Dette er rettane til kongen som skal herska over dykk: Han tek sønene dykkar og set dei til å gjera teneste ved kongens vogner og hestar og til å springa framfor vogna hans. 12 Nokre set han til førarar for tusen mann og nokre for femti. Nokre må pløya åkrane og hausta inn avlinga hans, andre må laga krigsvåpen og utstyr til stridsvognene. 13 Døtrene dykkar set han til å laga salvar, til å koka og baka. 14 Dei beste jordstykka, vinmarkene og olivenlundane dykkar skal han ta og gje til mennene sine. 15 Av åkrane og vinmarkene dykkar skal han ta tiend og gje til hoffmennene og tenarane sine. 16 Slavane og slavekvinnene, esla og dei beste oksane dykkar tek han i si eiga teneste. 17 Av småfeet dykkar tek han tiend, og sjølve må de gjera slavearbeid for han. 18 Når den dagen kjem, skal de skrika høgt over kongen de valde. Herren skal ikkje svara dykk den dagen.»

19 Men folket nekta å høyra på Samuel. «Nei», sa dei, «vi vil ha ein konge over oss. 20 Vi vil vera som dei andre folka. Kongen vår skal styra oss; han skal rykkja ut framfor oss og føra krigane våre.»

21 Då Samuel hadde høyrt alt det folket sa, la han det fram for Herren. 22 Og Herren sa til Samuel: «Høyr på det dei seier og set ein konge over dei.» Då sa Samuel til israelittane: «Gå heim att, kvar til sin by!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.