Gå til forsiden

Amos

2 

1 Så seier Herren:

Tre ugjerningar av Moab, ja, fire

– eg held det ikkje tilbake!

For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.

2 Eg sender eld mot Moab,

han skal øyda borgene i Kerijot.

Moab skal døy under krigslarm,

under kamprop og hornstøytar.

3 Eg ryddar ut dommaren der

og drep stormennene med,

seier Herren.

Dom over Juda og Israel

4 Så seier Herren:

Tre ugjerningar av Juda, ja, fire

– eg held det ikkje tilbake!

For dei forakta Herrens lov,

dei heldt ikkje hans forskrifter.

Løgner førte dei vill,

løgner som fedrane følgde.

5 Eg sender eld mot Juda,

han skal øyda borgene i Jerusalem.


6 Så seier Herren:

Tre ugjerningar av Israel, ja, fire

– eg held det ikkje tilbake!

For dei sel den rettferdige for pengar,

den fattige for eit par sandalar.

7 Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvet

og trengjer hjelpelause bort frå vegen.

Ein mann og far hans går til same jenta

så mitt heilage namn blir vanhelga.

8 Dei breier seg på pantsette klede

attmed kvart altar.

Vin teken i bøter

drikk dei i huset til sin Gud.


9 Men det var eg

som rydda ut amorittane for dei,

dei som var høge som sedrar

og sterke som eiker.

Eg øydela frukta oppe

og røtene nede.

10 Det var eg som førte dykk opp frå Egypt

og leidde dykk i øydemarka i førti år

så de kunne ta amorittlandet.

11 Eg lét nokre av sønene dykkar stå fram som profetar

og nokre unge menn som nasirearar.

Er det ikkje slik, israelittar?

seier Herren.

12 Men de skjenkte nasirearane vin

og baud profetane: Tal ikkje profetord!

13 Sjå, eg lèt grunnen skaka under dykk

som under ei vogn full av korn.

14 Den raske er ikkje i stand til å flykta,

den sterke kan ikkje bruka si kraft,

og helten bergar ikkje livet.

15 Bogeskyttaren held ikkje stand,

den som er lett på foten, kjem seg ikkje unna,

og ryttaren bergar ikkje livet.

16 Den djervaste helten

skal rømma naken den dagen,

seier Herren.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.