Gå til forsiden

Femte Mosebok

10

Paktkista og prestetenesta til levittane

1 På den tid sa Herren til meg: «Hogg til to steintavler, maken til dei første, og kom opp på fjellet til meg. Lag deg òg ei trekiste. 2 På tavlene vil eg skriva dei same orda som på dei første tavlene, dei du knuste, og du skal leggja dei i kista.»

3 Og eg laga ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like dei første, og gjekk opp på fjellet med dei to tavlene i handa. 4 På tavlene skreiv han dei same orda som første gongen, dei ti boda som Herren dykkar Gud hadde forkynt for dykk på fjellet, ut frå elden, den dagen de var samla. Og Herren gav dei til meg. 5 Så snudde eg meg og gjekk ned frå fjellet. Eg la tavlene i kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, slik som Herren hadde sagt meg.

6 Israelittane drog vidare frå kjeldene ved Bene-Jaakan til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han. 7 Derifrå drog dei til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.

8 På den tid skilde Herren ut Levi-stammen til å bera Herrens paktkiste og til å stå for Herrens andlet og gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag. 9 Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. Herren er arven hans, slik som Herren din Gud har sagt han.

10 Og eg vart verande på fjellet i førti dagar og førti netter, liksom første gongen. Også denne gongen høyrde Herren bøna mi. Han ville ikkje la deg gå til grunne. 11 Så sa Herren til meg: «Reis deg, bryt opp og gå i spissen for folket, så dei kan koma inn og ta det landet som eg med eid lova fedrane deira at eg ville gje dei.»

Gud over alle gudar

12 Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? Berre dette: at du fryktar Herren din Gud, så du alltid går på hans vegar og elskar han og tener Herren din Gud av heile ditt hjarte og heile di sjel, 13 og at du held Herrens bod og forskrifter, som eg gjev deg i dag. Då skal det gå deg vel.

14 Sjå, himmelen og himmelen over alle himlar, jorda og alt som finst der, høyrer Herren din Gud til. 15 Men det var berre fedrane dine Herren elska og batt seg til, slik at han valde ut dykk som er etterkomarane deira, framfor alle dei andre folka, slik det òg er i dag. 16 Så omskjer då hjartet dykkar og ver ikkje lenger så hardnakka! 17 For Herren dykkar Gud er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og skremmande Gud som ikkje gjer skilnad på folk, og som ikkje lèt seg kjøpa. 18 Han gjer rett mot farlause og enkjer, og han elskar innflyttarane i landet, så han gjev dei mat og klede. 19 De skal elska innflyttarane, for de var sjølve innflyttarar i Egypt.

20  Herren din Gud skal du frykta, og han skal du tena. Han skal du halda fast ved, og ved hans namn skal du sverja. 21 Han er din lovsong, og han er din Gud, som har gjort desse store og skremmande gjerningane for deg som du har sett med eigne auge. 22 Fedrane dine var sytti i talet då dei drog ned til Egypt. Men no har Herren din Gud gjort deg talrik som stjernene på himmelen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.