Gå til forsiden

Forkynnaren

6

Svolt i sjela

1 Eitt som er vondt har eg sett under sola;

det kviler tungt på menneska:

2 Gud gjev ein mann

både rikdom, gods og ære,

så han ikkje manglar noko

av alt det han ønskjer seg.

Men Gud lèt han ikkje nyta noko av det,

det blir ein framand som bruker det opp.

Det er meiningslaust, ja, beiskt og vondt.

3 Ein mann kan få hundre born

og leva i mange år.

Men kor lenge han så lever –

om han ikkje har glede av alt det gode

og ikkje eingong får ei gravferd,

seier eg at det ufullborne fosteret

har det gått betre med enn han.

4 Fåfengt kjem det til verda,

i mørker går det bort,

og i mørker får det namnet sitt løynt.

5 Sollyset har det ikkje sett

og aldri kjent.

Likevel kviler fosteret betre enn mannen.

6 Sjølv om han levde

i to gonger tusen år,

fekk han ikkje nyta det gode i livet.

Går ikkje alle til same staden?

7 Mennesket strevar alltid for maten,

men svolten i sjela blir aldri stilt.


8 Kva fordel har den vise framfor dårar?

Og kva hjelper det ein fattig å vita

korleis han skal ferdast mellom menneska?

9 Betre det auga ser

enn det sjela trår etter.

Det òg er fåfengt, det er som å gjeta vinden.


10 Alt som er til,

er nemnt med namn for lenge sidan,

det er kjent på førehand

kva eit menneske skal bli.

Ingen kan føra sak

mot den som er sterkare enn ein sjølv.

11 Dess fleire ord, dess meir fåfengt!

Kva gagn har mennesket av det?

12 Ja, kven veit kva som er best

for menneska her i livet,

alle dei kortvarige dagane

dei lever som ein skugge?

Kven kan fortelja menneska

kva som skal henda etter dei under sola?

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.