Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Paulus' brev til efesarane

3

Paulus, apostel for heidningane

1 Difor bøyer eg mine kne – eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de som er heidningar. 2 De har høyrt om den forvaltaroppgåva Gud i sin nåde har gjeve meg hos dykk. 3 I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her. 4 Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium, 5 det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet. 7 Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve. 8 Ja, til meg, den minste av alle dei heilage, er denne nåden gjeven: å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelseplan fram i lyset, det mysteriet som frå evig tid har vore løynt hos Gud, han som har skapt alt. 10 Slik skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrommet, 11 slik Gud frå evig tid hadde fastsett og no har fullført i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13 Difor bed eg dykk: Mist ikkje motet om eg må lida for dykkar skuld; det er ei ære for dykk!

Bøn om styrke og innsikt

14 Difor bøyer eg mine kne for Far,

15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord.

16 Må han som er så rik på herlegdom,

styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.

17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua

og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.

18 Må de saman med alle dei heilage

få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,

19 ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.

Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!

20 Han som verkar i oss med si kraft

og kan gjera så uendeleg mykje meir

enn alt det vi bed om og skjønar,

21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus

gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.