Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Andre Mosebok

15

Herren er min styrke

1 Då song Moses og israelittane denne songen for Herren:


Eg vil syngja for Herren,

for han er høgt opphøgd;

hest og ryttar kasta han i havet.

2  Herren er mi kraft og min styrke,

han har vorte mi frelse.

Han er min Gud, han vil eg prisa,

min fars Gud, han vil eg opphøgja.

3  Herren er ein krigar,

Herren er hans namn.


4 Faraos vogner og heile hans hær

kasta han i havet,

dyktige krigarar drukna i Sivsjøen.

5 Havdjupa gøymde dei,

dei sokk som stein i djupet.

6  Herre, di høgre hand er herleg i makt,

di høgre hand knuser fiendar, Herre.

7 I ditt velde slår du ned dei som reiser seg mot deg.

Du slepper harmen din laus,

han fortærer dei som strå.


8 Ved eit pust frå din nase

tårna vatnet seg opp.

Strøymande vatn stod som ein voll,

djupa stivna i havsens hjarte.

9 Fienden sa:

«Eg set etter og når dei att,

deler bytte og stiller all mi lyst.

Eg dreg sverdet og utryddar dei med mi hand.»

10 Du lét din pust blåsa,

og havet gøymde dei.

Dei sokk som bly i det veldige vatnet.


11 Kven er som du blant gudane, Herre?

Kven er som du, herleg og heilag,

skremmande i storverk,

underfull i gjerning?

12 Du rette ut di høgre hand,

då slukte jorda dei.

13 I kjærleik førte du

det folket som du fria ut.

Du leidde dei med di kraft

til din heilage bustad.


14 Folka høyrde det og skalv,

angst greip dei som bur i Filistarland.

15 Då vart Edoms hovdingar forfærde,

dei mektige i Moab skalv,

alle som bur i Kanaan, mista motet.

16 Angst og redsle kjem over dei,

ved din veldige arm blir dei som forsteina,

medan folket ditt dreg framom, Herre,

medan folket som du har vunne, dreg framom.

17 Du skal føra dei inn og planta dei

på fjellet som er din eigedom,

på staden du har gjort til din bustad, Herre,

heilagdomen som dine hender

har grunnlagt, Herre.

18  Herren er konge til evig tid.


19 Då hestane til farao, med vogner og ryttarar, gjekk ut i havet, lét Herren vatnet venda attende over dei. Men israelittane gjekk tørrskodde gjennom havet.

20 Så tok syster til Aron, Mirjam, som var profet, ei tromme i handa, og alle kvinnene følgde etter henne, slo på tromme og dansa. 21 Mirjam song i vekselsong med dei:


«Syng for Herren,

for han er høgt opphøgd,

Hest og ryttar kasta han i havet!»

Vatn i ørkenen

22 Moses lét Israel bryta opp frå Sivsjøen, og dei kom til ørkenen Sjur. Dei gjekk tre dagar i ørkenen utan å finna vatn. 23 Så kom dei til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor vart staden kalla Mara. 24 Folket klaga til Moses og sa: «Kva skal vi drikka?» 25 Då ropa han til Herren, og Herren viste han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart friskt.

I Mara fastsette han lov og rett for folket, og der sette han dei på prøve. 26 Han sa: «Om du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og gjer det som rett er i hans auge, lyttar til boda hans og held alle forskriftene hans, då skal eg ikkje leggja på deg alle dei sjukdomane eg la på egyptarane. For eg, Herren, er den som lækjer deg.»

27 Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv vasskjelder og sytti daddelpalmar. Og dei slo leir der ved vatnet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.