Gå til forsiden

Andre Mosebok

26

Guds bustad

1 Du skal laga bustaden av ti teltdukar. Dei skal vera av fint, tvinna lin og purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff. I dukane skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad. 2 Kvar duk skal vera tjueåtte alner lang og fire alner brei. Alle dukane skal ha same mål. 3 Fem av teltdukane skal syast i hop til eitt stykke, og like eins dei andre fem dukane. 4 Du skal laga purpurblå hemper langs kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, og like eins langs kanten av den ytste duken på det andre stykket. 5 Femti hemper skal du laga på den eine teltduken, og femti hemper i kanten av duken på det andre stykket. Hempene skal sitja rett mot kvarandre. 6 Og du skal laga femti krokar av gull. Med dei skal du hekta dukane saman så bustaden blir ein heilskap.

7 Du skal laga dukar av geiteragg til eit telt over bustaden. Elleve slike dukar skal du laga. 8 Kvar duk skal vera tretti alner lang og fire alner brei. Alle dei elleve dukane skal ha same mål. 9 Fem av dukane skal du festa i hop for seg, og seks for seg. Den sjette duken, på framsida av teltet, skal du leggja dobbelt. 10 I kanten av den duken som er ytst på det eine samansydde stykket, skal du laga femti hemper, og i kanten av det andre stykket femti hemper. 11 Og du skal laga femti krokar av bronse og hekta dei i hempene. Slik skal du festa teltet saman til ein heilskap. 12 Den overskytande delen av dukane, den halve duken som blir til overs, skal hanga ned på baksida av bustaden. 13 Og den eine alna som teltdukane er for lange på kvar side, skal hanga ned på begge sider av bustaden og dekkja han. 14 Og over teltet skal du laga eit dekke av raudfarga vêrskinn, og over det att eit anna dekke av fingarva skinn.

15 Plankane til bustaden skal du laga av akasietre. Dei skal stå loddrett. 16 Kvar planke skal vera ti alner lang og ei og ei halv alen brei. 17 På kvar planke skal det vera to tappar som er tilpassa kvarandre. Slik skal du laga alle plankane til bustaden. 18 Tjue av dei plankane du lagar, skal stå på sørsida, mot sør. 19 Til dei tjue plankane skal du laga førti soklar av sølv, to soklar under kvar planke til å festa dei to tappane i. 20 På den andre sida av bustaden, på nordsida, skal det òg vera tjue plankar 21 med førti soklar av sølv, to under kvar planke. 22 Til baksida av bustaden, mot vest, skal du laga seks plankar, 23 og i tillegg to plankar, ein til kvart hjørne på baksida av bustaden. 24 Dei skal vera doble nedst og øvst og gå saman i éin ring. Slik skal det vera med dei begge; dei skal utgjera dei to hjørna. 25 Slik blir det åtte plankar og seksten soklar av sølv, to soklar til kvar planke. 26 Du skal laga tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av bustaden, 27 fem tverrstenger til plankane på den andre sida og fem tverrstenger til plankane på baksida av bustaden, mot vest. 28 Midtstonga, ho som står midt på plankane, skal gå tvers over, frå den eine enden til den andre. 29 Du skal kle plankane med gull, og ringane på dei, som skal vera haldarar for tverrstengene, skal du like eins laga av gull. Tverrstengene skal du òg kle med gull. 30 Så skal du reisa bustaden etter den forskrifta som vart synt deg på fjellet.

31 Du skal laga eit forheng av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin. Du skal laga det som kunstvevnad, med kjerubar. 32 Du skal hengja det opp på fire gullkledde søyler av akasietre som det er gullhakar på, og som står på fire soklar av sølv. 33 Rett under krokane skal du hengja det, og innanfor forhenget skal du setja kista med vitnemålet. Forhenget skal setja eit skilje mellom Det heilage og Det høgheilage. 34 Du skal leggja soningsstaden som lok på kista med vitnemålet i Det høgheilage. 35 Bordet skal du setja utanfor forhenget ved nordveggen. Lysestaken skal stå ved sørsida av bustaden, rett mot bordet. 36 Du skal laga eit teppe for inngangen til teltet. Det skal vera av purpurblått, purpurraudt og karmosinraudt stoff og fint, tvinna lin, alt i farga vevnad. 37 Til teppet skal du laga fem søyler av akasietre og kle dei med gull. På søylene skal det vera gullhakar, og du skal støypa fem soklar av bronse til dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.