Gå til forsiden

Esekiel

15

Den gagnlause vinstokken

1  Herrens ord kom til meg: 2 Menneske! Kva gjer vinstokken ulik alle andre tre, vinranka mellom trea i skogen? 3 Kan treet frå den brukast til å laga noko av? Kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på? 4 Om han blir kasta på elden, brend i begge endar og svidd på midten, duger han då til noko? 5 Nei, sjølv då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til noko. Kor mykje mindre duger han ikkje då når elden har brent og svidd han!

6 Difor, så seier Herren Gud: Som eg gjer med vinstokken mellom trea i skogen når eg gjev han til føde for elden, slik gjer eg med dei som bur i Jerusalem. 7 Eg vender andletet mitt mot dei. Dei har gått ut av elden, men elden skal fortæra dei. De skal kjenna at eg er Herren når eg vender andletet mot dei. 8 Eg gjer landet til ei øydemark fordi dei har vore trulause, seier Herren Gud.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.