Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Esekiel

2

Bokrullen

1 Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp, så skal eg tala med deg.» 2 Då han tala til meg, kom det ånd i meg. Ho reiste meg opp på føtene, og eg kunne høyra han som tala til meg.

3 Han sa til meg: «Menneske! Eg sender deg til israelittane, til opprørske folkeslag som har reist seg imot meg. Dei og fedrane deira har synda mot meg til denne dag. 4 Til desse borna med steinandlet og harde hjarte sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud. 5 Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei forstå at ein profet har vore hos dei. 6 Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og ver ikkje redd for det dei seier, sjølv om klunger er omkring deg og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skremma av det dei seier, og mist ikkje motet, sjølv om dei er ei trassig ætt. 7 Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje, for trassige er dei. 8 Men du, menneske, høyr på det eg har å seia deg! Ver ikkje trassig som denne trassige ætta. Lat opp munnen og et det eg vil gje deg.»

9 Eg såg, og sjå! – ei hand var rett fram mot meg, og ho heldt ein bokrull. 10 Han opna rullen framfor meg. Det var skrive på han, både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var likklage, sukk og verop.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.