Ukraina flaggUkraina trenger bibler – kan du hjelpe?
Én bibel koster kr 71
Gå til forsiden

Første Mosebok

49

Jakobs velsigning

1 Jakob kalla sønene sine til seg og sa: Kom saman, så vil eg fortelja kva som skal henda dykk i dagar som kjem:


2 Kom saman og høyr, de Jakobs søner,

høyr på Israel, far dykkar!


3 Ruben, du er min førstefødde,

mi kraft og den første frukta av min manndom,

størst i heider, størst i makt.

4 Men du brusar over som vatnet,

difor skal du ingen føremon ha.

For då du steig opp i senga til far din,

vanæra du henne

– i leiet mitt steig han opp.


5 Simon og Levi er brør.

Våpna deira er reiskapar for vald.

6 Mi sjel, møt ikkje i deira råd!

Mi ære, ver ikkje med i deira forsamling!

For i sinne drap dei menn,

sjølvrådige skamskar dei oksar.

7 Forbanna er sinnet deira, for det er kraftig,

og raseriet deira, for det er veldig!

Eg vil splitta dei i Jakob

og spreia dei ut i Israel.


8 Juda, deg prisar brørne dine,

du har handa på nakken til fienden,

sønene til far din bøyer seg for deg.

9 Ein løveunge er Juda!

Frå byttet reiser du deg opp, son min.

Han legg seg til ro og strekkjer seg som ei løve,

som ei løvinne – kven vekkjer han?

10 Septer skal ikkje vika frå Juda

eller herskarstav frå føtene hans

til eigaren kjem,

han som folka skal lyda.

11 Han bind eselet i vinstokken,

eselfolen i den edle ranka.

Han vaskar kleda sine i vin,

kjortelen i drueblod.

12 Auga hans er mørkare enn vin,

tennene kvitare enn mjølk.


13 Sebulon bur ved havsens kyst,

kysten der skipa legg til,

grensa hans går til Sidon.


14 Jissakar er eit velbygd esel

som ligg mellom to kløvkorger.

15 Han såg at det var godt å kvila,

og at landet var fagert.

Då bøygde han nakken under børa

og vart ein ufri slave.


16 Dan skal dømma sitt folk

som ein av Israels stammar.

17 Dan skal vera ein slange ved vegen,

ein giftig orm på stigen.

Han høgg hesten i hælane

så ryttaren ryk på ryggen.


18 – Eg ventar på di frelse, Herre.


19 Gad blir herja av røvarflokkar,

men går sjølv til åtak og forfølgjer dei.


20 Frå Asjer kjem det god mat,

han set fram kongelege retter.


21 Naftali er ei hind som spring fritt;

han talar vakre ord.


22 Josef er eit ungt frukttre,

eit ungt frukttre ved kjelda;

greinene kliv opp etter muren.

23 Bogeskyttarane gjer han bitter,

dei skyt på han og strider mot han.

24 Men bogen hans er stø,

armar og hender er leduge

takka vere Jakobs Mektige,

han som er gjetaren, Israels Fjell,

25 Gud til far din, han som hjelper deg,

Den veldige, han som velsignar deg

med signing frå himmelen der oppe,

med signing frå djupet der nede,

med signing frå bryst og morsliv.

26 Velsigningane frå far din er rikare

enn velsigningane frå dei evige fjella,

enn herlegdomen til dei eldgamle høgdene.

Lat dei koma over Josefs hovud,

over issen på han

som er fyrste blant brørne sine!


27 Benjamin er ein jagande ulv.

Om morgonen et han rovet,

om kvelden deler han byttet.


28 Dette er alle Israels stammar, tolv i talet, og dette sa far deira til dei. Han velsigna dei og gav kvar av dei si eiga velsigning.

Jakob døyr og blir gravlagd

29 Jakob gav dei dette påbodet: «No skal eg bli sameina med folket mitt. Gravlegg meg då hos fedrane mine i hòla på marka til hetitten Efron! 30 Det er den hòla som er på Makpela-marka, austafor Mamre i Kanaan, det jordstykket som Abraham kjøpte av hetitten Efron for å ha til gravstad. 31 Der gravla dei Abraham og Sara, kona hans; der gravla dei Isak og Rebekka, kona hans; og der gravla eg Lea. 32 Marka og hòla der er kjøpte frå hetittane.»

33 Då Jakob hadde gjeve sønene sine dette påbodet, drog han føtene opp i senga. Så anda han ut og vart sameina med folket sitt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.