Ukraina flaggRedder Bibelen liv i Ukraina?
Finn ut mer
Gå til forsiden

Hosea

7 

1 når eg gjer Israel frisk,

då blir Efraims skuld avslørt,

og Samarias vondskap.

Dei fer med svik,

tjuven bryt seg inn,

røvarane herjar i gata.

2 Dei seier ikkje til sitt hjarte

at eg hugsar all deira vondskap.

Men no er dei ringa inn av sine gjerningar,

eg har dei for auge.

3 Dei gleder kongen med sin vondskap

og stormennene med løgnene sine.


4 Alle er dei ekteskapsbrytarar,

lik ein omn så heit

at bakaren ikkje treng å fyra

frå deigen er knadd og til han har heva seg.

5 På vår konges dag

gjer dei stormenn sjuke

av heten frå vinen.

Han rekkjer handa til spottarar.

6 Hjartet deira liknar ein omn

der dei ligg på lur.

Heile natta søv harmen deira,

om morgonen brenn han som logande eld.

7 Alle er dei heite som ein omn,

dei et dommarane sine.

Alle kongane deira er falne,

ingen av dei kallar på meg.


8 Efraim blandar seg med folka.

Efraim har vorte ein brødleiv som ikkje er snudd.

9 Framande har ete krafta hans,

men han veit det ikkje.

Han er alt overstrødd med grått hår,

men han veit det ikkje.

10 Israels hovmod vitnar mot han,

men dei vender ikkje om til Herren sin Gud,

dei søkjer han likevel ikkje.

11 Efraim har vorte som ei due,

godtruande og utan forstand.

Dei kallar på Egypt, dei dreg til Assur.

12 Når dei dreg,

kastar eg nettet mitt over dei,

eg dreg dei ned som himmelens fuglar,

eg fangar dei når eg høyrer flokken deira.

13 Ve dei, for dei rømde frå meg!

Død over dei, for dei braut med meg!

Eg ville løysa dei ut,

men dei tala løgn mot meg.

14 Dei ropar ikkje til meg av hjartet,

men jamrar seg der dei ligg,

for korn og ny vin rispar dei seg opp.

Dei vender seg bort frå meg.

15 Eg lærte dei opp,

og eg gav armane deira styrke,

men dei tenkte ut vondt mot meg.

16 Dei vender om, men ikkje til meg,

dei har vorte som ein slakk boge.

Stormennene deira skal falla for sverd

på grunn av si hatske tunge.

Dette fører spott over dei i Egypt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.