Moab
1 Bodskap om Moab.
I ei natt av vald gjekk Ar-Moab til grunne.
I ei natt av vald gjekk Kir-Moab til grunne.
2 Dei går opp til tempelet,
Dibon går til offerhaugane for å gråta.
Moab sørgjer
over Nebo og Medeba.
Kvart hovud er snauklipt,
alt skjegg er raka av.
3 I gatene går dei kledde i sekkestrie,
på tak og torg sørgjer alle,
tårene renn.
4 Hesjbon og Elale klagar,
skrika høyrest heilt til Jahas.
Difor ropar Moabs krigarar,
dei skjelv og mistar motet.
5 Hjartet mitt klagar over Moab.
Dei flyktar til Soar og Eglat-Sjelisjia,
gråtande går dei opp bakkane til Luhit,
på vegen til Horonajim
klagar dei høgt over samanbrotet.
6 For Nimrim-vatnet blir til ørkenland,
graset tørkar bort,
enga visnar,
det finst ikkje noko som er grønt.
7 Difor tek dei det som er att,
det dei har teke vare på,
og ber det over Arabim-bekken.
8 Ja, klageropet går
rundt om i Moab-landet,
skriket når til Eglajim,
skriket når til Beer-Elim.
9 For vatnet i Dimon er fullt av blod,
og endå sender eg meir mot Dimon:
løver mot dei som slapp unna frå Moab,
og mot dei som er att i landet.