Gå til forsiden

Jesaja

32

Når kongen rår med rettferd

1 Sjå, med rettferd skal kongen råda

og stormenn styra med rett.

2 Dei skal vera som ei livd mot vinden

og eit skjul mot styrtregn,

som rennande bekker i tørt land,

som skuggen av eit mektig berg

på utpint jord.


3 Sjåande auge blir ikkje blinde,

høyrande øyre skal lytta.

4 Tankelause hjarte skal læra å skjøna,

stammande tunger skal tala lett og klårt.

5 Dåren skal ikkje lenger kallast stormann

og kjeltringen ikkje kallast fornem.


6 For dåren talar dårskap,

hjartet hans valdar vondt:

Han gjer gudlaus gjerning,

talar gale om Herren,

lèt den svoltne sakna mat

og den tørste mangla drikke.


7 Våpna til kjeltringen er vonde.

Han legg skamlause planar,

vil skada dei hjelpelause med løgn

når den fattige talar si sak.

8 Men stormannen legg store planar.

Han står fast på det som er stort.

Før frelsetida kjem

9 Sorglause kvinner, stå opp, høyr mi røyst!

Trygge døtrer, lytt til mitt ord!

10 I dagar og år skal de skjelva, de trygge.

For vinhausten slår feil,

frukthausten kjem ikkje.

11 Skjelv, de sorglause,

skjelv, de trygge!

Kled dykk nakne,

bind sekkestrie om hoftene!

12 Dei klagar over brysta,

over dei herlege åkrane,

over dei grøderike vinstokkane,

13 over jorda til folket mitt

der torn og tistel skyt opp,

ja, over kvart lukkeleg hus

i den jublande byen.

14 For borga er oppgjeven

og den larmande byen forlaten.

Haug og vakttårn har for alltid

vorte til gøymestader

der villesel gleder seg

og buskapar beiter,

15 heilt til Ande blir aust ut over oss

frå det høge.

Då skal ørkenen bli til ein frukthage,

og ein frukthage skal reknast for skog.

16 I ørkenen skal retten slå seg ned,

i frukthagen skal rettferd bu.

17 Då skal rettferds verk vera fred,

rettferds gjerning tryggleik og ro

til evig tid.

18 Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass,

i trygge heimar og på sikre kvilestader.

19 Skogen skal fellast og falla,

byen skal søkka i djupet.

20 Sæle er de

som sår ved alle vatn,

og som lèt okse og esel

gå fritt omkring.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.