Gå til forsiden

Jesaja

35

Den heilage vegen

1 Ørken og tørt land skal gleda seg,

øydemarka skal jubla og bløma,

som lilja 2 skal ho bløma

og jubla, ja, ropa av fryd.

Libanons herlegdom har ho fått,

Karmels og Sarons glans.

Dei skal få sjå

Herrens herlegdom,

glansen frå vår Gud.


3 Styrk dei slappe hender,

gjer dei ustøe knea sterke!

4 Sei til dei urolege hjarta:

Ver sterke, ikkje redde!

Sjå, dykkar Gud!

Han kjem med hemn,

med gjengjeld frå Gud.

Sjølv kjem han og frelser dykk.


5 Då skal blinde auge opnast

og dauve øyre latast opp.

6 Då skal den lamme springa som ein hjort,

og tunga til den stumme skal jubla.

For vatn bryt fram i ørkenen

og bekker i øydemarka.

7 Glødande sand blir til innsjø,

det tørste land til kjelder med vatn.

Sjakalars buplass blir ein kvilestad

der graset gror mellom røyr og siv.


8 Og der skal det vera ein veg,

Den heilage vegen skal han kallast.

På den skal ingen urein ferdast.

Han skal vera der for dei.

Ingen som går på vegen,

sjølv ikkje dårar, skal gå seg vill.

9 Men der skal det ikkje vera noka løve,

rovdyr skal ikkje gå på han,

dei skal ikkje finnast meir.

Men dei som er løyste ut, skal gå der,

10 dei som Herren har fria ut,

skal venda attende.

Dei kjem til Sion med jubel,

med evig glede om si panne.

Fryd og glede grip dei,

sorg og sukk må flykta.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.