Heilagdomen til Mika
1 I Efraim-fjella budde det ein mann som heitte Mika. 2 Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sjekel sølv som vart tekne frå deg – eg høyrde sjølv at du uttala forbanninga – dei pengane er hos meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: « Herren velsigne deg, son min!» 3 Då han gav dei elleve hundre sjekel sølv tilbake til mor si, sa ho: «Eg helgar desse pengane til Herren og gjev dei til son min for å få laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No gjev eg dei tilbake til deg.» 4 Han gav pengane til mora, som tok to hundre sjekel og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.
5 Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre terafar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg. 6 I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.
7 Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda, frå Juda-slekta. Han var ein levitt som hadde slege seg ned der. 8 Mannen drog frå den byen, frå Betlehem i Juda, for å finna ein plass der han kunne slå seg ned. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraim-fjella. 9 Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna ein plass der eg kan slå meg ned.» 10 Då sa Mika til han: «Ver her hos meg og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sjekel sølv i året og halda deg med mat og klede.» Levitten kom, 11 og han gjekk med på å vera hos mannen og vart som ein av sønene hans. 12 Mika sette den unge levitten til prest hos seg, og han vart verande i huset til Mika. 13 Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»