Gå til forsiden

Jeremia

19

Den knuste leirkrukka

1 Dette sa Herren: Gå til pottemakaren og kjøp ei leirkrukke! Ta med deg nokre av dei eldste frå folket og frå prestane 2 og gå ut i Ben-Hinnom-dalen, ved inngangen til Potteskarporten, der skal du ropa ut dei orda eg talar til deg.

3 Du skal seia: Høyr Herrens ord, de kongar i Juda og de som bur i Jerusalem! Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg fører ei ulukke over denne staden som skal få det til å ringja for øyra på alle som høyrer om det. 4 For dei forlét meg og krenkte denne staden. Dei tende offereld her for andre gudar som korkje dei eller fedrane eller Judas kongar kjende. Dei fylte denne staden med blod frå uskuldige. 5 Dei bygde offerhaugar for Baal for å brenna borna sine i elden som brennoffer for Baal. Det har eg ikkje pålagt dei og ikkje sagt til dei, det har aldri vore i mine tankar.

6 Difor, sjå, dagar skal koma, seier Herren, då denne staden ikkje lenger skal kallast Tofet og Ben-Hinnom-dalen, men Drapsdalen. 7 På denne staden slår eg sund Judas og Jerusalems planar. Eg lèt dei falla for sverdet til fienden og i hendene på dei som står dei etter livet. Og eg gjev lika deira til føde for fuglane under himmelen og for dyra på marka. 8 Eg legg denne byen aud og gjer han til spott. Alle som går forbi, skal bli forfærde og plystra hånleg over såra han har fått. 9 Eg lèt dei eta kjøtet av sine eigne søner og døtrer, den eine skal eta kjøtet av den andre. Slik trengsle og naud skal fiendane deira og dei som står dei etter livet, føra over dei.

10 Sidan skal du knusa krukka framfor auga på dei menn som går saman med deg, 11 og du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Eg vil knusa dette folket og denne byen slik ein knuser eit kar frå pottemakaren så det ikkje kan bli heilt att. Og i Tofet skal dei gravleggja folk, fordi det ikkje finst gravplass andre stader. 12 Slik vil eg gjera med denne staden, seier Herren, og med dei som bur der, og denne byen vil eg gjera lik Tofet. 13 Og husa i Jerusalem og husa til kongane i Juda skal bli ureine som Tofet, alle dei husa der dei har tent offereld på taka for heile himmelens hær og aust ut drikkoffer for andre gudar.

Jeremia blir straffa

14 Så kom Jeremia att frå Tofet, dit Herren hadde sendt han for å profetera. Då stilte han seg i føregarden til Herrens hus og sa til alt folket: 15 «Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Sjå, eg sender all den ulukke eg har truga med, over denne byen og over alle dei byane som høyrer han til. For dei har gjort nakken stiv og høyrer ikkje på mine ord.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.