Gå til forsiden

Malaki

4 

1 Sjå, dagen kjem,

han brenn som ein omn.

Alle frekke og alle som gjer urett,

skal då vera som halm,

dagen som kjem, skal brenna dei opp,

seier Herren over hærskarane.

Korkje rot eller grein blir att.


2 Men for dykk som fryktar for mitt namn,

skal rettferdssola stå opp

med lækjedom under vengene sine.

De skal sleppa ut og hoppa som kalvar.

3 Då skal de trakka ned dei urettferdige,

dei skal vera støv under føtene dykkar

den dagen eg grip inn,

seier Herren over hærskarane.

Moses og Elia

4 Kom i hug lova eg gav Moses, tenaren min,

på Horeb for heile Israel,

med forskrifter og bod.


5 Sjå, eg sender profeten Elia til dykk

før Herrens dag kjem, den store og skremmande.

6 Han skal venda fedrehjarta til borna

og barnehjarta til fedrane,

så eg ikkje skal koma og slå landet med bann.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.